Ein dag eg surfa litt rundt på eBay kom eg over ein ORLY-lakk eg aldri hadde sett før. Flaskebiletet var veldig tiltalande, så det gjekk jo som det måtte gå, og nokre dagar seinare flytta den inn til meg.
Androgynie er ein underfundig lakk. Eg trur basen er mørk brun/svart jelly med gullglitter, og i tillegg er det masse herleg sekskanta glitter i grønn, blå, oransje. Erfaringsmessig må ein bruke ein del lag for å få dekka med slike lakkar, og det endar som regel med at eg syns glitteret druknar mellom laga, så eg bestemte meg for å legge den over ein svart base. Og då vart det slik.
Dette er to lag Androgynie over svart base.
2 coats Androgynie over a random black base.
Den var kjempefin 🙂 Selges Orly i Norge ? Ta en titt innom neglelakkbloggen min ? Blir veldig glad for tilbakemeldinger, da jeg er ganske fersk blogger 🙂
Ikkje heilt sikker på om orly selges i Noreg. Har aldri sett det i alle fall.