Deborah Lippmann – Tip Toe Through The Tulips

Bloggen har jo lagt forsømt i nokre år, men no har eg surfa litt rundt inne på wordpress og oppdaga at eg hadde nokre innlegg som låg som «kladd». Dette var eit av dei innlegga. Denne lakken var ein del av vårkolleksjonen til Deborah Lippmann tilbake i 2014. Dus og fin ferskenfarga lakk.

No er eg altså så klar for vår! Gi meg pastellakk og solskinn!

tip-toe-through-the-tulips2

Advertisements
Posta under deborah lippmann, Uncategorized | Merkt , , , , , | Kommenter innlegget

Sally Hansen Color Foil Cobalt Chrome

PSX_20190326_213522

Å gå på skattejakt i neglelakksamlinga byr på så mange flotte overraskingar. Som for eksempel Color Foil lakkane frå Sally Hansen som kom ut i 2014. Eg hugsar det var litt strabasiøst å få tak i dei, og då dei omsider kom til Noreg så hadde ein av dei knust. Men dei er så fine fine fine. Sjå på denne skjønnheten av ein magisk fin lakk. Foliefinishen er veldig framtredande. Ulempen med foliefinish er jo at den framhever alle ujevnheter i neglen, men dersom ein har sterke neglar (som meg), så kan ein buffe lett med ein god buffer for å jevne ut. Eg har påført over baselakk, men ikkje brukt overlakk til slutt. Holdbarheten blir ikkje så god, men den nydelege finishen blir så bra som den kan bli.

Usikker på om disse lakkane er å få tak i lengre, men det fins heilt sikkert noko liknande frå andre merker. Eg veit f.eks at eg har nokon frå Models Own som eg har kjøpt i London.

Posta under Sally Hansen, Uncategorized | Merkt , , , , , , , | Kommenter innlegget

Comeback

Tenkte såvidt komme igang med bloggingen igjen. Det er over 3 år sidan sist eg posta noko på bloggen. Mykje har skjedd på den tida. For eksempel har eg blitt mamma til ei lita snuppe som allereie har blitt 3 år. Det vart minimalt med lakking det første året. Litt meir etterpå, men ikkje sånn som før. Men no kjenner eg at lysten på fin lakk er tilbake, og eg har gått igjennom samlinga. Luka ut ein del lakk. Noko er gitt vekk, andre er kasta (dei få som var inntørka).

Blant anna har eg funne fram desse to fine lakkane. Deborah Lippmann «Rockin» Robin» og Lime Crime «Milky Ways». Sjølv om det er vanskeleg å få fram på bilde, så syns eg Milky Ways er overraskande fresh. Faktisk er den ein av mine favorittlakkar, fordi den er så flatterande mot alle hudtonar. Berre friskar opp litt, sjølv om den er veldig nedtona og nøytral. Rockin» Robin har eg skrive om tidlegare her på bloggen. Eg fekk denne for å teste den for nokre år tilbake, og eg likar den godt framleis. Fargen er fin, det matte glitteret er fint, den er god å påføre. Ja, likar den godt. Den er jo litt utanom det vanlege, og definitivt ikkje ein lakk for alle, men ja, eg syns eg kler den godt.

PSX_20190318_101525

Posta under deborah lippmann, Lime Crime, Uncategorized | Merkt , , | Kommenter innlegget

Spell Polish – Invisible Forces

I dag vil eg gjerne vise dykk lakken eg har hatt på neglane siste veka og som eg har fått veldig mange fine kommentarar på.

image

Eg kjøpte denne på nyttårssalget til Norway Nails of angrar ikkje så mykje som eit mikrosekund på akkurat det. Sjølve lakken hatt gjennomsiktig base og er proppfull av iriserande glitter i ulike storleikar. Magien oppstår altså idet ein legg den over ein annan lakk. I dette tilfellet valgte eg Essie – Midnight Cami som er ein nydeleg mørk blå lakk. Resultatet vart veldig, veldig fint og mine bileter er ikkje i nærleiken av å vise kor fin denne lakken eigentleg er.

image

Dette er altså eitt lag Invisible Forces over to lag Midnight Cami. Glitteret fordeler seg veldig fint og det er difor ikkje nødvendig med fleire lag.

Just wanted to show you what has been on my nails the last week. This is Spell Polish Invisible Forces over Essie Midnight Cami. Invisible Forces consists of loads of iridescent glitter in a transparent base. The magic happens when you layer it over another polish. I really love how it looks over a dark blue base. I’ve gotten so many compliments on this combinations during this week. A lot of customers visiting my work have completely fallen for it. My pictures really does not do it any justice.  I used one coat Invisible Forces over two coats Midnight Cami. The glitter spreads nicely so there’s really no need for more layers.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Deborah Lippmann – I’ll Take Manhattan

I Desember fekk eg tilsendt nokre Deborah Lippmann lakkar for testing. Til min store glede så var dette lakkar frå New York Marquee kolleksjonen. Desse hadde eg berre sett på nettet, så eg var veldig spent. Samtlege lakkar var hadde det me på godt norsk kallar Chrome finish. Det vil også seie at dei er metalliske. I dette innlegget ser de I’ll Take Manhattan som har ein nydeleg turkis farge.

image

Metalliske lakkar tørkar stort sett veldig raskt, så det er lurt å jobbe raskt så ein unngår at ein drar med seg lakk som har begynt å tørke. Så lenge ein tenker på dette er det ikkje noko problem med desse lakkane.

image

Ein annan fordel med metalliske lakkar er at dei som regel er supre å bruke til stempling. På ringfingeren min har eg gjort dette. Stor tommel opp til denne lakken. Fleire lakkar kjem seinare.

In December I received some polishes from the New York Marquee collection by Deborah Lippmann. I had only seen these online so far and was very exited. These polishes have a chrome finish that I really like. As most chrome/metallic polishes they dry fairly quickly on the nail, so I recommend working fast to avoid dragging polish that have started to dry. As long as you keep this in mind I don’t think you’ll have problems with these.

Another bonus with metallic polishes is that they are usually really good for stamping. As you can see on my ring finger nail this works great with this polish. So far I’m really impressed by these polishes.

Produktet er sendt for vurdering /// Product received for review

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Essie – Hide & Go Chic

Av og til så får sambuaren min lov til å velge kva som skal pryde neglane mine. Då brukar det å bli noko blått, og denne gongen var intet unntak. Valget denne gongen falt på Essie – Hide & Go Chic. 

hide and go chic

Mønsteret er frå Pueen plate Pueen83 og eg har brukt den kremfarga stempellakken frå Mundo de Uñas.

Sometimes I let my boyfriend decide what I should put on my nails. He almost always picks something blue. This time was no exception. His choice this time was Essie – Hide & Go Chic and pattern from Pueen plate Pueen83 and Cream colored stamping polish from Mundo de Uñas.

Posta under Essie | Merkt , , , , , , , , | 2 kommentarar

OPI Comet in the Sky

I dag må eg nesten få vise dykk min absolutt nyaste favorittlakk. Denne syns eg faktisk er psykedelisk fin og eg får aldri nok av å sjå på den. Sjølve basen i denne lakken er blank, det som gjer den magisk er at den er full av svart og iriserande glitterflak i ulike storleikar. I og med at basen er blank valde eg å leggje den over ein annan favorittlakk frå OPI, nemleg Tomorrow Never Dies frå Skyfall-kolleksjonen. Baselakken er det som skal til for at glitterlakken verkeleg lever opp til namnet sitt Comet in the Sky. Peike- og lillefinger har fått samme basefarge, men i tillegg stempeltrykk frå Pueen plate Pueen44, samt sølvfarga stempellakk frå Mundo de Uñas.

comet in the sky gwen stefani v2

comet in the sky gwen stefani

Today I just have to show you my absolute newest favorite polish. I can’t get enough of this polish. As you probably figured out already, this is Comet in the Sky from the Gwen Stefani Holiday Collection. I layered it over OPI – Tomorrow Never Dies, my favourite from Skyfall collection. The base color really makes Comet in the Sky pop and shine like the star it is. The stamping is from Pueen plate Pueen44 and I also used the silver polish from Mundo de Uñas.

Posta under OPI, Pueen Cosmetics | Merkt , , , , , , , , , | 2 kommentarar