Å gå på skattejakt i neglelakksamlinga byr på så mange flotte overraskingar. Som for eksempel Color Foil lakkane frå Sally Hansen som kom ut i 2014. Eg hugsar det var litt strabasiøst å få tak i dei, og då dei omsider kom til Noreg så hadde ein av dei knust. Men dei er så fine fine fine. Sjå på denne skjønnheten av ein magisk fin lakk. Foliefinishen er veldig framtredande. Ulempen med foliefinish er jo at den framhever alle ujevnheter i neglen, men dersom ein har sterke neglar (som meg), så kan ein buffe lett med ein god buffer for å jevne ut. Eg har påført over baselakk, men ikkje brukt overlakk til slutt. Holdbarheten blir ikkje så god, men den nydelege finishen blir så bra som den kan bli.
Usikker på om disse lakkane er å få tak i lengre, men det fins heilt sikkert noko liknande frå andre merker. Eg veit f.eks at eg har nokon frå Models Own som eg har kjøpt i London.