essence – Choose me

På mi og sambuaren si ferd (også kalla ferie) gjennom fleire land i Europa i juli plukka eg med meg litt av kvart av neglelakk og neglepynt. Mellom anna nokre lakkar frå eit merke som heiter essence. Ein av dei var ein heilt fortryllande fin blågrøn/turkis lakk med massemasse gullskimmer i. Så mykje gullskimmer at lakken ser veldig grøn ut.

Eg har brukt tre lag. Den observante lesar vil kanskje registrere at neglane mine er vesentleg kortare i dag enn på innlegget i går og det er fordi eg fekk ei rift i ein negl og bestemte meg for å klippe dei ned. Eigentleg syns eg det er ganske deilig. Om nokre få veker er dei jo veldig lange att likevel. Anyhow, eg sa eg brukte tre lag, og det er for å få minst muleg VNL. Altså, det var ikkje mykje med to lag heller, så det hadde nok gått heilt fint. Lakken er lett å leggje, har ein allright kost. Denne flaska inneheld berre 5ml av ein eller annan grunn. essence hadde neglelakkar i fleire str, og eg skulle gjerne hatt ein stor ein av denne. Veldig fin 🙂

Har du prøvd lakkar frå essence?

 

Translate: One of the polishes I picked up during my vacation in eastern europe this summer was Choose Me by essence. A teal base with lots of gold shimmer makes the polish look beautiful and green. Hard to catch on camera. Never tried polishes by this brand before, but the first impression is very promising. Applied three coats, but it is quite opaque in two. 

Dette innlegget vart posta under essence, NOTD og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

13 Responses to essence – Choose me

  1. utrolig fin lakk! har et par essence lakker selv 😉

  2. Nydelig farge 🙂 Har ingen lakker fra dette merket selv.. hvor var det du kjøpte denne? 🙂

  3. Kjempe fin! Denne minner meg litt om H&M – Aqua 🙂

  4. lovepolish seier:

    Jeg kjøpte faktisk akkurat den samme da jeg var i Budapest tidligere i sommer, men jeg har ikke prøvd den ennå. Ser at noen syntes den lignet på H&M Aqua, og jeg har faktisk den også, så jeg kan gjøre en sammenligning hvis du vil?

  5. Ida seier:

    Kjøpte MASSE Essence neglelakker og andre produkter i sommer, gleder meg til å prøve alt. 🙂 Hvilke andre neglelakker fra Essence kjøpte du?

    • vakkerlakk seier:

      Ååå, digg! Dei tørkar ikkje superfort (som dei hevdar å gjere), men er jo billege og fine 🙂 Eg kjøpte også Purple diamond, Let’s get lost og Movie star 🙂

  6. Ååå når jeg var i Tyskland så kjøpte jeg akuratt den, men mistet den i bakken og den knuste 😦
    Elsker fargen, fikk prøvd den en gang før den knuste..

    • vakkerlakk seier:

      Ånei, så kjipt. Om det hjelper så er OPI – Catch me in your net nesten ein perfekt dupe til den her. Veit ikkje om du får tak i den i Noreg, men kanskje på ebay?

Legg att svar til vakkerlakk Avbryt svar