I forrige innlegg skreiv eg om essence – Choose me og nevnte at den er så fin at eg skulle ønske at eg hadde ei stor flaske av den. Vel, det viste seg at det har eg faktisk 😉
Skjebnen ville det nemleg slik at essence – choose me nærmast er identisk med OPI – Catch me in your net. Skilnaden er ikkje spesielt stor, som de ser, men kanskje choose me er litt mindre dekkande og biiiittebittelittegranne meir grøn enn Catch me in your net.
Velvel. Eg kjøpte jo fleire av lakkane frå essence, og ein av dei var Purple Diamond. Som er ein lilla metallisk (folie?)lakk. Og her fekk eg eit problem. Ville ha nytt materiale til bloggen, men digga framleis Choose me som pryda neglane. Så då var det berre ein ting å gjere. La dei slå seg laus saman og slik var altså det:
Har ein teori om at Purple diamond vil passe fint til stempling. Men det får eg nesten teste ut ein annan dag. Den dekkar i alle fall perfekt på eit strøk.
Fekk eit spørsmål i kommentarfeltet om kva andre lakkar frå essence eg kjøpte, og det var Let’s get lost og Movie star. Desse to er flasker med 5ml og Purple Diamond inneheld 8ml. Prisen var vel maks 15 kroner, men det hugsar eg ikkje heilt.
Visste du forresten at du no kan få vakkerlakk.com rett i newsfeeden din på facebook? Eg har (med skrekkblanda fryd) laga fanside for bloggen, sånn som alle dei andre kule kidsa. trykk her for å komme til sida så du kan like den med ein gang! Det vil også, med tid og stunder, komme eit felt her på bloggen kor du kan komme rett til sida, men det kjem først når eg finn ut av korleis eg gjer det.
Translate. One of the other poilishes I bought by essence is Purple Diamond. Decided to put it over parts of Choose me since I lovelovelove that one. Also discovered it is almost a perfect dupe to OPI – Catch me in your net. In the first picture you can see swatches of both of them. essence is on the left, OPI to the right 🙂 Also I have created a fan page for the blog on facebook. Click here so get to the page so you can like it 😉 The updates will me mainly in norwegian though.
Følger så klart med på facebook også nå, i tillegg til at eg har bloggen din liggende under favoritter på min egen blogg 🙂 Denne lilla metalliclakken var bare georgeous ❤
Hurra 😀
de var kjempefine sammen! 🙂
Ja, følte det vart blink 😉
Om du går inn på widgets så er det egen for facebookside der, bare å dra den til margen og fylle inn info og vips. 🙂
Fresh kombo!
whoopa! der ja. takk 😀
Har du malt på frihånd? Veldig fint 🙂