China Glaze – Jitterbug

Kort innlegg for å vise China Glaze sin Jitterbug frå Vintage Vixen-kolleksjonen.

Jitterbug er ein grå lakk fullspekka med sølvskimmer(?), som gjer seg veldig godt på neglar. Den er lett å påføre. Dekkar på to lag. Eg plukka fram konaden min fordi eg såg for meg at det kom til å bli veldig fint med gullmønster på, men anten var det feil gullakk, eller så var Jitterbug rett og slett mykje lysare enn eg hadde sett for meg, så kontrasten vart ikkje så stor og flott som eg hadde sett for meg på førehand.

(Og i serien dårlege neglebileter kan eg presentere)

La meg berre seie det sånn, at Jitterbug er veldig mykje finare enn sånn den framstår på dette dårlege biletet.

Huffameg. Her ser det jo ut som at den har grønnskjær, men den har ikkje det altså.

Lakken eg har brukt til konaden er Passion frå China Glaze og eg trur det er biletplate m62 som har zebramønster 🙂

Dette innlegget vart posta under China Glaze, Konad, Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

7 Responses to China Glaze – Jitterbug

  1. Airam seier:

    Ooh, jeg likte det, jeg! Konad-manikyrer som ikke har kjempestore kontraster kan være veldig classy 🙂

  2. Frk. Fargerik seier:

    Jeg likte det også, elegant ☺

  3. Kristine. seier:

    Kjempe fint! Har sikla over konad i en liten stund nå, og nå fikk jeg enda mer lyst til å begynne med det. 🙂
    Men husker jeg rett, så er det vel m57 som har zebramønster?

Legg att svar til Frk. Fargerik Avbryt svar