MakeupMekka – Mineral liquid powder foundation

Dette er første innlegg om produkt frå MakeupMekkas eige merke.

Dei siste åra har eg brukt mineralfoundation. Det er hovudsakleg foundation frå 3 ulike merker. Eg starta (som dei fleste andre) med ID Bare Minerals foundation. ID er både elska og hata på internett. Folk klør og får grå hud og eg veit ikkje kva. Sjølv merka eg ikkje noko til det, grunnen til at eg vart frista til å finne andre alternativ var på grunn av den stive prisen. Men no skulle jo ikkje dette handle om ID. Heller ikkje om mineralsminke generelt. Jo, litt. Grunnen til at eg brukar mineralsminke er fordi huden min er vanskeleg og teit og eg ser for meg at eg gjer den ei stor teneste om eg brukar foundation utan skumle ingrediensar som berre gjer den sur og grinete. ANYHOW (no  bablar eg, kjenner eg), etter å ha brukt både mineralfoundation frå både Everyday Minerals og Tikei (gode alternativ når det gjeld mineralfoundation i pudderform!!!), så fekk jo eg og lyst til å vera med i gjengen som brukar flytande foundation. Etter utallige diskusjonar med meg sjølv så kom eg fram til at eg ikkje skulle kjøpe flytande foundation før den dagen nokon lanserte flytande mineralfoundation OG SÅ PLUTSELEG EIN DAG SÅ GJORDE NOKON DET! I NORGE! Og ikkje berre det. Ein kunne også bestille prøvar slik at ein får finne sin farge. Og dette, dette er alfa og omega når det gjeld foundationkjøp over nett. Prøvar vart bestilt og etter testing av både fargar og finish kom eg fram til at eg skulle bestille Mineral liquid powder foundation i fargen Linen.

 

For det første, så må eg berre få på det reine at denne passar for normal til feit hud, og eg har tørrtørrfuktfattigkrangleteogsensitiv hud, og sånn sett burde eg gå for HD-varianten. Men av ein eller annan grunn så tørka denne bittelitt mørkare enn den den vanlege varianten, så då vart det den no, også testar eg heller HD-varianten sånn når eg har sett litt sol igjen. Avtale?

Vel, over til “omtalen”. Heldt jo på å snakke meg heilt vekk her.

Eg påfører denne med foundationkost og ikkje svamp. Dette er fordi svampar ikkje et (bokmål: spiser) graut, dei et produkt, og er spesielt glad i foundation. Så om du har investert i ein god foundation og vil at den skal vare ei stund: bruk kost (du kan jo bruke fingrane også, men då blir du jo skitten, så personleg stemmer eg for kost) med syntetisk bust. Her er det mange å velge mellom. Eg brukar likegodt foundationkosten til MakeupMekka, og den likar eg godt. Eg har testa ein billig foundationkost også, men her lønnar det seg å bruke litt meir pengar for å få kvalitet.

 

Foundationen frå MakeupMekka er lett å påføre. Eg hentar fram gamle triks frå teikning, form og farge og brukar ein form for kryss-skraveringsteknikk når eg påfører den. Det vil seie at eg ikkje berre drar penselen i ein retning, men går litt på kryss og tvers (og om eg er skikkeleg crazy; sirkulært) sånn at penselstrøka ikkje synest.

Foundationen dekkar godt, og det er enkelt å bygge opp dekkevna. Det er ein fordel for meg ettersom eg alltid har litt kviser. Den tørkar til ein matt finish, og nettopp derfor er den fin til feitare hud som lett blir blank. Eg kjenner ikkje noko forskjell om eg brukar puddermineralfoundation og denne. Huden kjennes ikkje stram eller tung eller noko. Det følest berre litt meir eksklusivt med flytande foundation.

Eg veit ikkje om det trengs, men eg har i alle fall sett for meg at det er lurt å sette flytande foundation med litt pudder, sånn at den skal halde seg heile dagen. Eg brukar for det meste eit bambus(!)pudder frå EverydayMinerals, og det likar eg godt. MakeupMekka har også eit eige mineral veil som eg klør i fingrane etter å teste, men har bestemt meg for å prøve å beherske meg … får sjå kor lenge det varar.

Noko anna eg brukar for å få sminka til å halde heile dagen er ein primer. Det finst sikkert fleire hundre på marknaden, men eg har naturlegvis kjøpt ein av primarane til … hold dykk fast no … MakeupMekka… tadaaaa. surpriiiiise😉 Men den kan eg fortelje meir om ein annan dag.

Det kjem kanskje ikkje som noko overrasking at både foundationen, foundationkosten og primaren kan kjøpast på makeupmekka.no . Og dette er ein nettbutikk eg kan gå god for. Gratis frakt på kjøp over 250 kroner, 25 kroner i frakt på kjøp under 250 kroner. Dei pakkar og sender superkjapt. Eg som bur i Oslo brukar å ha produkta i postkassa mi allereie dagen etter bestilling. Og om ikkje det er betre enn å vente 10-20 dagar på sneglepost frå USA, så veit ikkje eg😉

No har dei i tillegg gratis foundationprøvar, så om du berre bestiller prøvane kjem du unna med 25 kroner i frakt. Er du i villrede om kva farge du skal velge? Ingrid, fagansvarlig i MakeupMekka, har skrive ein fin liten guide om fargane i eit innlegg på makeupmekkabloggen

 

OBS! desse produkta er ikkje sponsa. Desse har eg kjøpt for mine eigne pengar som eg har jobba hardt for i mange timar!

Dette innlegget vart posta under Make Up, Sminke og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

8 svar til MakeupMekka – Mineral liquid powder foundation

  1. Nå fikk du meg akkurat til å angre på at jeg kastet mine foundationprøver, jeg ville så gjerne gitt dem enda en sjans…. (Om jeg ikke har dem enda, da. Hmm…) Jeg er nemlig også på jakt etter den perfekte flytende foundation, men ser ikke ut til å noen gang finne den, dessverre.😦

    • vakkerlakk seier:

      Ånei! Har du kasta dei? Eg likar i alle fall denne foundationen godt, sånn i forhold til dei eg har prøvd tidlegare. Men det er jo smak og behag sjølvsagt🙂 Men du kan alltids bestille nye prøvar da😉

  2. Nora seier:

    Bestilte mange prøver fra makeupmekka, men dessverre var alle for mørke for meg😦 Virket som en god foundation da.

  3. Den som leter, finner! Jeg fant faktisk, men kun i fargen Linen, som viser seg å være heeeeelt feil for meg. Jeg ser ut som et spøkelse som lyser gult :S (Jeg er i utgangspunktet veldig lys, og trodde også jeg hadde en kald hudtone, men nå ble jeg i tvil, gitt. Jeg er GUL.)

    Og nå har jeg ikke hatt den på meg i mer en….. Kanskje 6 minutter, men er veldig enig i at den føles behagelig og lett på huden. Dessverre synes jeg ikke dekkevnen er god nok, samtidlig som jeg synes den “sklir” litt rundt på huden i stedet for å sette seg. Foreløpig ikke noe for meg, altså, men det er veldig greit å lese omtaler slik at en blir fristet til å gi forkastede ting nye sjanser😉

    Hvilke andre foundations har du prøvd?🙂

    • vakkerlakk seier:

      Er det HD-varianten du har prøvd no? Den er meir flytande og tørkar mørkare enn Linen i Powder-varianten. Og dekkar bittelitt mindre, syns eg då eg prøvde den, denne her er ganske tjukk, og blir der eg seier den skal vere. hehe.

  4. Nei, prøvde Mineral Powder-varianten, dessverre. Men med tanke på hudtype burde egentlig HD-versjonen fungere bedre for meg, så det er mulig jeg får teste den også en dag jeg orker, selv om fargen er fryktelig feil.

    • vakkerlakk seier:

      aaah. ja, om Linen i Mineral Powder vart for gul/mørk så blir nok HD-varianten i samme farge også feil😦 Kan hende det fungerer betre på ei annan årstid enn denne …

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s