Litt seint, men eg kom på at eg ikkje har posta bilete av manikyren eg hadde på 17.mai. Kort fortalt så jobba eg på 17.mai og kunne difor ikkje gå med bunaden min. I tillegg er den oppbevart hjå mor mi på vestlandet, så eg kunne ikkje eingong sjå på den. Saknet vart stort og eg bestemte meg for å prøve å gjenskape bunaden på neglane. Resultatet vart dette:
Baselakken er China Glaze – Calypso Blue og mønsteret er malt med akrylmaling og biiitteliten pensel. På ringfingerneglen har eg det norske flagget. Raudfargen er OPI – Ower & Over A-Gwen. Resten er frihandsmåla med akryl. Skulle kanskje brukt tape til dette, men hadde ikkje tålmod til det.
Alt i alt vart eg utruleg fornøyd med denne manikyren. Eg elskar bunad generelt og skulle gjerne brukt min Bergensbunad veldig ofte. Dessverre blir det jo ikkje slik.
Translate: On May 17th we celebrate our Constitution Day here in Norway. On this day we dress up in our traditional costumes called Bunad. The Bunad looks different depending on where in the country it has it’s origins. Mine is from Bergen, a city located in the western part of Norway. The base is dark blue, with colorful embroidery. Since I was working on our Constitution day I couldn’t wear my costume, so I decided to paint it on my nails instead. I used China Glaze – Calypso Blue for the base and painted the pattern with acrylic paint and a tiiiny brush. I also made an accent nail with the Norwegian flag. The red is OPI – Over & Over A-Gwen.
Dette er jo ren kunst! Flink, du. 😀
Aaw. Snille Callo! Det var fint sagt. Tusen takk 🙂