deborah lippmann – careless whisper

Lakk to i vårkolleksjonen Romantic Rapture er ein nudefarga skimmerlakk med det delikate namnet Careless Whisper. De har kanskje skjønt at nude-lakkar ikkje er det som oftast er å sjå på mine neglar, men ofte blir eg positivt overraska når eg først prøver dei på. Denne lakken har vist seg å kanskje vera den perfekte nude for min hudtone, og det er jo positivt. Trur kanskje det har noko med den lyse skimmeret å gjera.

careless_whisper

 

Når eg tek på ein nude lakk er det som at det framstår som eit blankt lerret og alle slags design-idear dukkar opp i hovudet. Kanskje er det årsaken til at eg så sjeldan er å sjå med nude neglar? Kan hende. Brukar eg først ein så må eg fram med litt dekor 😉

careless_whisper2

 

Eg har for øvrig brukt tre lag av denne. Dei fleste slepper nok unna med to lag, men sidan eg (nok ein gang) hadde fått grønnstenka neglar etter nok ein grønn lakk, så måtte eg altså kline til med tre lag. Lakken er lett å leggje tørkar raskt. På toppen har eg eitt lag med Addicted To Speed topcoat, også frå Deborah Lippmann. Den gjer eit blankt og fint resultat og tørkar raskt.

Eit lite nærbilde til slutt for å vise det fine skimmeret.

careless_whisper_macro

 

Lakken er sendt meg for vurdering

 

Reklame
Dette innlegget vart posta under deborah lippmann og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to deborah lippmann – careless whisper

  1. Denne var veldig lik din egen hudfarge 🙂 bare med shimmer 🙂 Blir spennende å se ideene dine komme til liv på neglene 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s