Som de jo veit så er dette ein negleblogg. Men neglar er ikkje alt eg er oppteken av. Sminke f.eks er eg veldig glad i. Og eg likar å eksperimentere. Det er ikkje dei nøytrale fargane i palettane mine som blir brukt oftast forstår de. Det er ikkje ofte at eg viser her på bloggen kva eg sit og puslar med ved sminkebordet, men i dag er det faktisk bursdagen min og då får eg gjera som eg vil (gjer eg no vel alltid då, men) 😉
Så då eg sto opp i dag og rikka meg til ved sminkebordet (sminkefri søndag? ikkje hørt om) oppdaga eg ein augeskugge eg ikkje hadde prøvd før. Resultatet vart sånn her (berre mykje skarpare irl da:
Makan så komplisert det er å ta sminkebilder forresten. Neglebilder er ein million gongar enklare. Men desse vart ok til slutt då.
No ventar eg spent på at muffinsane i ovnen skal bli ferdig, og så skal eg kose meg med muffins, te og ein fin kjærast og kanskje ein episode Dead Zone på DVD.
Wow, så flink du er! Nydelig sminke 😀 Synes du godt kan kombinere neglelakk og sminkeblogg eg 😉 Hadde ikke gjort meg noe!!! Gratulerer med dagen også ❤
Tusen takk 🙂 Blir nok mest neglar, men skal ikkje sjå vekk frå at det blir litt sminke innimellom 🙂
Så utrolig fin fargekombinasjon! 🙂
Elskar klare grønnblåe fargar 😀
Gratulerer med dagen! 😀
Hjarteleg takk 🙂
Så ubeskrivelig fargerikt og lekkert! Jeg er superfan av sminkelookene dine, og skulle ønske du hadde fler i bloggen din. 🙂
Takk. Kanskje eg burde legge ut meir, ja, men det blir jo litt på sida av temaet. Skal vurdere det 🙂