Sea Themed Manicure

Eg hadde nyleg «sommarferie» og iløpet av denne turen var eg mellom anna på eit minicruise til København. Før eg reiste fekk eg lyst til å ha ein enkel manikyr med sjøtema og dette er altså resultatet.

Til denne manikyren har eg brukt: OPI – My Dogsled is a Hybrid, OPI – Love. Angel. Music. Baby. Deborah Lippmann – Flowers in Her Hair, OPI – Angel With a Leadfoot. Gullfarga stempellakk frå Mundo de Uñas og stempelplate BM501 frå Bundle Monster. Eg brukte plastfolie og Flowers in Her Hair til å lage marmoreringseffekt på to av neglane (pluss tommelen).

sea theme manicure

sea theme manicure2

 

So I recently had my summer holiday (yes, in the fall) and in our last vacation week we went on a mini cruise to Copenhagen, Denmark. I decided I wanted to have some sort of sea themed manicure and ended up with this. I used OPI – My Dogsled is a Hybrid, Deborah Lippmann – Flowers in Her Hair, OPI – Angel With a Leadfoot, OPI – Love.Angel.Music.Baby, gold stamping polish from Mundo de Uñas and stamping plate BM501 from Bundle Monster. I used saran wrap and Flowers in Her Hair to make the marble effect. 

Reklame
Posta under deborah lippmann, OPI, Uncategorized | Merkt , , , , , , , | Kommenter innlegget

OPI Peanuts

No står Oktober for døra og i dette høve vil eg vise ein manikyr laga med OPI sin Halloween-kolleksjon Peanuts, inspirert av teikneserien med samme namn (Knøttene på norsk). Lakkane i denne kolleksjonen består av ein svart lakk, ein gul lakk, samt to glitterlakkar. Til dette designet har eg nytta den gule lakken Good Grief! den svarte lakken WHO ARE YOU CALLING BOSSY?!? samt glitterlakken Where’s My Blanket. 

peanuts

 

To av dei gule neglane fekk stempelmotiv laga med svart spesiallakk frå Konad samt biletplate Pueen 49. Glitterlakken la eg over dei andre neglane. Glitterlakken har svart glitterbase og kjem best fram over den gule lakken.

peanuts2

 

Ikkje den typiske Halloween-kolleksjonen dette, men eg likar den godt. Det var hovudsakleg på grunn av glitterlakkane eg kjøpte denne, men den gule og den svarte lakken er veldig fine å ha i samlinga også.

Translate: So, this is a design I made using three of the polishes from OPI«s Halloween collection Peanuts. For the stamping I used Pueen plate 49 and black special polish from Konad. 

Posta under Konad, OPI, Pueen Cosmetics | Merkt , , , , , , , , , , , | Kommenter innlegget

OPI – Don’t Bossa Nova Me Around

OPI Don’t Bossa Nova Me Around er ein rosatona nudelakk som er veldig flatterande til lys hud. Med litt gullfarga metallstuds på blir det reinaste bryllaupsmanikyren. Nokon som skal gifte seg snart og kan invitere meg?

DONTBOSSANOVA

 

Dette er to lag, med overlakk og pynt oppå der igjen. Det var, som alltid, ein fryd å påføre denne lakken. OPI sine kremlakkar har alltid eksemplarisk konsistens og er nærmast «idiotsikker». Eg er framleis heilt overraska over meg sjølv og kor godt eg likte denne kombinasjonen av lakk og pynt.

No er det endeleg fredag. Ha ei riktig god helg!

 

English: OPI Don’t Bossa Nova Me Around is a pink toned nude polish. With gold metal studs on top it turned out so delicate I wish I had a wedding to attend or something. I am actually quite surprised that I liked this mani so much, since I always wear so much color. What you see over is 2 coats with topcoats, plus the gold metal studs on top. 

 

Posta under OPI, Uncategorized | Merkt , , , , , | 8 kommentarar

OPI – I São Paulo Over There

I dag vil eg visa dykk ein vesentleg meir nøytral lakk enn i forrige innlegg. I São Paulo Over There (Brazil Collection) er ein medium mokkabrun kremlakk.  Sidan eg syns brun lakk åleine kan bli litt keisamt (på meg sjølv) valde eg å pynte litt opp med både stempling og metall studs.

ISAOPAULO2

ISAOPAULO

Today I have a neutral polish for you. I normally don’t wear a lot of neutrals, since I find colors so much fun. I São Paulo Over There (Brazil Collection) is a midtone brown creme polish. I decided to add some metal studs and stamping for decorations.

 

 

Posta under OPI | Merkt , , , , , | 3 kommentarar

China Glaze Thistle Do Nicely + Stamping

Innom ein tur for å vise dette designet som pryda neglane mine tidlegare denne veka. Å kor eg elskar neon! Neonlakkar tørkar stort sett matt, så ofte vel ein å bruke blank overlakk. Denne gongen syns eg derimot det vart best å droppe overlakken og heller stemple med eit uglemotiv og lakken Passion frå China Glaze. Syns det vart ein veldig fin kontrast med det metalliske, skinande motivet og den matte neonbakgrunnen.

THISTLE_UGLE2

 

I simply LOVE neon polishes! I decided to keep the matte finish and add a gold stamping on top. Really like the contrast between the matte neon and the shiny metallic stamping!

Posta under China Glaze | Merkt , , , , , , , , | 3 kommentarar

Deborah Lippmann – Flowers In Her Hair

Tredje lakk eg skal visa frå Spring Reveries-kolleksjonen er den mintgrøne Flowers In Her Hair. Veldig fin mintfarga lakk, som ikkje er unik, men likevel.

FLOWERSINHERHAIR

 

 

Produktprøve motteke for vurdering / Product Sample received for review

Posta under deborah lippmann | Merkt , , , , , , | 5 kommentarar

Deborah Lippmann – Build Me Up Buttercup

Tida er inne for å vise ein sart pastellgul lakk frå Deborah Lippmanns vårkolleksjon Spring Reveries. Denne lakken er ein pastell som er relativt snill i konsistensen og ikkje byr på store problemer når ein skal legge den. Hugs at med pastellakkar generelt er det lurt å vera lett på handa og ta seg litt god tid. Gjer ein det blir resultatet som oftast jamnt og fint.

BUILDMEUPBUTTERCUP

 

Er det ikkje fint med gull lakk kanskje? Gul er nok ein av mine yndlingsfargar på vår og sommartid. Ekstra fint blir det om ein har fått litt farge, slik at blåskjæret frå vinteren har forsvunne.

 

English: How gorgeous is this pale yellow from Deborah Lippmann? I absolutely love yellow polish at this time of the year. This polish is from this year’s spring collection Spring Reveries

 

Lakken er ein produktprøve sendt til meg for vurdering / Product Sample received for review

Posta under deborah lippmann, Uncategorized | Merkt , , , , , , , | 2 kommentarar

17. mai – Bunadsnegler

Litt seint, men eg kom på at eg ikkje har posta bilete av manikyren eg hadde på 17.mai. Kort fortalt så jobba eg på 17.mai og kunne difor ikkje gå med bunaden min. I tillegg er den oppbevart hjå mor mi på vestlandet, så eg kunne ikkje eingong sjå på den. Saknet vart stort og eg bestemte meg for å prøve å gjenskape bunaden på neglane. Resultatet vart dette:

BUNAD2014

 

Baselakken er China Glaze – Calypso Blue og mønsteret er malt med akrylmaling og biiitteliten pensel. På ringfingerneglen har eg det norske flagget. Raudfargen er OPI – Ower & Over A-Gwen. Resten er frihandsmåla med akryl. Skulle kanskje brukt tape til dette, men hadde ikkje tålmod til det.

Alt i alt vart eg utruleg fornøyd med denne manikyren. Eg elskar bunad generelt og skulle gjerne brukt min Bergensbunad veldig ofte. Dessverre blir det jo ikkje slik.

 

Translate: On May 17th we celebrate our Constitution Day here in Norway. On this day we dress up in our traditional costumes called Bunad. The Bunad looks different depending on where in the country it has it’s origins. Mine is from Bergen, a city located in the western part of Norway. The base is dark blue, with colorful embroidery. Since I was working on our Constitution day I couldn’t wear my costume, so I decided to paint it on my nails instead. I used China Glaze – Calypso Blue for the base and painted the pattern with acrylic paint and a tiiiny brush. I also made an accent nail with the Norwegian flag. The red is OPI – Over & Over A-Gwen

Posta under China Glaze, Uncategorized | Merkt , , , , , , , , , , | 2 kommentarar

Deborah Lippmann – Blue Orchid

For ei stund sidan fekk eg tilsendt vårkolleksjonen til Deborah Lippmann. Nydelege lakkar, som eg dessverre ikkje har fått skrive noko om før no. Eg opnar no difor bloggen etter påske, og introduserer denne nydelege lys blå lakken Blue Orchid. Denne lakken var lett å påføre, til tross for at det er ein pastellakk. Dette er to lag under Deborah Lippmann – Addicted To Speed overlakk.

No er våren her. Endeleg!

BLUE_ORCHID

 

This gorgeous light blue polish is from Deborah Lippmann’s Spring Reveries collection. This is definately one of my favorite polishes from this collection. I love how easily it applies even though it is a pastel polish. 

 

Produktprøve sendt for vurdering/Product sent for review

Posta under deborah lippmann | Merkt , , , , | 4 kommentarar

Valentine’s Day

Happy Valentine’s Day everybody!

VALENTINES

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget