Deborah Lippmann – Modern Love

For ein månads tid sidan viste eg dykk ein ny lakk frå Deborah Lippmann, nemleg Let’s Go  Crazyein fortryllande glitterlakk. No har det seg slik at eg også har fått tilsendt enda ein ny lakk, som er perfekt for dei som ikkje føler seg komfortabel med massevis av glitter, og heller ønsker ein klassisk lakk som er veldig jobbvennleg (eller jobbintervjuvennleg, om du vil).

 

Modern Love går vel under kategorien mauve-farga lakk. Den er for mørk til å vera nude, samt innehar eit lilla/lavendelskjær, som gjer lakken det vesle ekstra. Eg syns den var vanskeleg å fange på kamera, og eg ser at f.eks neglelakkmani har fått eit litt anna resultat.

 

Eg har to lag på bileta. Det første laget la seg stripete, men det jamna seg ut med eit andre lag. Kan henda eg skulle hatt tre lag, men det hadde eg ikkje tid til då eg måtte springe til jobben.

Lakken har veiledande pris på 169,- og forhandlarlista kan du lese her

Lakken er produktprøve frå Kate Hermansen Agenturer

 

 

Dette innlegget vart posta under deborah lippmann og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Responses to Deborah Lippmann – Modern Love

  1. Tilbakeping: Deborah Lippmann – Modern Love (swatch) | Nail it! – En blogg om neglelakk

Kommenter innlegget