No står Oktober for døra og i dette høve vil eg vise ein manikyr laga med OPI sin Halloween-kolleksjon Peanuts, inspirert av teikneserien med samme namn (Knøttene på norsk). Lakkane i denne kolleksjonen består av ein svart lakk, ein gul lakk, samt to glitterlakkar. Til dette designet har eg nytta den gule lakken Good Grief! den svarte lakken WHO ARE YOU CALLING BOSSY?!? samt glitterlakken Where’s My Blanket.
To av dei gule neglane fekk stempelmotiv laga med svart spesiallakk frå Konad samt biletplate Pueen 49. Glitterlakken la eg over dei andre neglane. Glitterlakken har svart glitterbase og kjem best fram over den gule lakken.
Ikkje den typiske Halloween-kolleksjonen dette, men eg likar den godt. Det var hovudsakleg på grunn av glitterlakkane eg kjøpte denne, men den gule og den svarte lakken er veldig fine å ha i samlinga også.
Translate: So, this is a design I made using three of the polishes from OPI«s Halloween collection Peanuts. For the stamping I used Pueen plate 49 and black special polish from Konad.