OPI Don’t Bossa Nova Me Around er ein rosatona nudelakk som er veldig flatterande til lys hud. Med litt gullfarga metallstuds på blir det reinaste bryllaupsmanikyren. Nokon som skal gifte seg snart og kan invitere meg?
Dette er to lag, med overlakk og pynt oppå der igjen. Det var, som alltid, ein fryd å påføre denne lakken. OPI sine kremlakkar har alltid eksemplarisk konsistens og er nærmast «idiotsikker». Eg er framleis heilt overraska over meg sjølv og kor godt eg likte denne kombinasjonen av lakk og pynt.
No er det endeleg fredag. Ha ei riktig god helg!
English: OPI Don’t Bossa Nova Me Around is a pink toned nude polish. With gold metal studs on top it turned out so delicate I wish I had a wedding to attend or something. I am actually quite surprised that I liked this mani so much, since I always wear so much color. What you see over is 2 coats with topcoats, plus the gold metal studs on top.
Helt nydelig!!
Hjarteleg takk 😀
Nydelig! Tror jeg må få tak i den snart 🙂
Den anbefalast verkeleg 🙂
Kom nettopp over vakkerlakk på Instagram, og tok meg turen inn hit. Du har noen veldig fine design, så jeg gleder meg til å se mer fra deg!
Tusen takk. Eg håpar å få ut nye innlegg snart. Kjekt du følger med 🙂
Dette har vært min favoritt en stund. Perfekt hverdagslakk som passer til alt!
Veldig enig. Den er superanvendeleg og kler dei aller fleste 😀