Deborah Lippann – Va Va Voom

I førre innlegg viste eg dykk ei av glitterbombene frå Jewel Heist-kolleksjonen til Deborah Lippmann. I dag tenkte eg vise dykk den andre av dei eg fekk tilsendt. Dette er den blå glitterlakken i kolleksjonen og har fått namnet Va Va Voom.

DL_VaVaVoom

 

Som de ser er denne lakken også stappa med hexagonforma glitter i ulike storleikar, som hovudsakleg er i blåtonar. Nokre av dei største er sølvfarga som bryt i ulike nyansar etter kva vinkel og lys ein ser dei i. Dette kan de såvidt skimte på biletet. Eg valde å leggje den over ein svart basefarge (Illamasqua Boosh) for å få glitteret skikkeleg godt fram.

DL_VaVaVoom2

 

Eg syns desse to lakkane eg har fått tilsendt er heilt nydelege. Likar også at glitterlakkane har klar base slik at ein kan leggje dei over andre fargar for å skape forskjellig effekt. Dei andre lakkane i kolleksjonen syns eg også ser spennande ut, men kan ikkje seie meir om dei då eg ikkje har prøvd det. Når det gjeld Va Va Voom og Shake Your Money Maker så gjer eg tommel opp til begge to.

Glitterlakkane har veil. utsalspris på 179,- og er limited edition.

 

Lakken er produktprøve motteke for vurdering.

Reklame
Dette innlegget vart posta under deborah lippmann og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Deborah Lippann – Va Va Voom

  1. Marte seier:

    Åh, sø fint mæ svart neglelakk ondi! 😀 He dænn sjøl, og he bruka dænn mæ mørk blå ondi, au gørrfint! Må nødt ti å prøve mæ svart au! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s