Linda Johansen Nail Candy – Ballroom Collection

ballroom_lineup

No nærmar det seg premiere på årets Skal vi danse på TV2 og det som er aller mest interessant med denne sesongen er jo at kvinna bak dei nydelege lakkane eg har vist dykk så mange av – Linda Johansen – skal vera med. Og de kan tru eg vart glad då eg fekk høyre at Linda skulle lansere ein eigen dansekolleksjon med lakkar.

Første eg skal vise dykk er Slow Fox. Det er ein petroleumsblå lakk som er ein blanding mellom creme-, og jellylakk. Det vil seie at den på eit lag er ganske gjennomskineleg og må byggast opp med fleire lag for å bli heilt dekkande. Når det er sagt så held det med to. Det som kom heilt overraskande på meg var at det er sølvskimmer i denne. Dette fann eg ikkje ut før eg leste om det hjå Karianne/neglelakkmani og henta fram mi eiga flaske for å studere den. Det er altså ikkje veldig tydeleg på neglen.

SLOW_FOX

Neste lakk ut er Paso Doble. Aller først må eg beklage biletet som vart altfor dårleg. Denne lakken er såååååå mykje finare i røynda og på andre sine bileter enn mine. Sjå f.eks bileta til neglelakkmani eller Joyful. Uansett er dette ein skikkeleg forfriskande lakk med massevis av knallrosa skimmer.

PASO_DOBLE

Me gløymer den dårlege biletfadesen med ein ny lakk, nemleg Tango. Dette er ein nydeleg, vinraud lakk med multifarga skimmer. Den er mørk og mystisk, men samtidig veldig spennande. Dessverre vises ikkje skimmeret så godt på mine bileter. Skal sjå om eg får tatt bileter som viser skimmeret betre ein annan dag. Dette er uansett ein av mine favorittar frå denne kolleksjonen.

TANGO

Ein annan favoritt er Jive. Eg er veldig svak for blågrøne lakkar, så med ein gong eg såg denne lakken visste eg at den kom til å bli ein favoritt. Den har eit nydeleg grøn og gyllent skimmer som gjer at denne lakken skil seg ut frå mengden av mine blågrøne lakkar i alle fall.

JIVE

Det er muleg at eg på 90-talet høyrte litt mykje på Di Derre, slik at kvar gong eg høyrer ordet Rumba så spelar det i hovudet: “I storsalen på Folkets Hus med ei sløyfe som er rød, sitter danseskolens minstemann og vet han snart skal dø…”, frå sangen Rumba med Gunn. Eg er dog litt usikker på om dette var inspirasjonen bak lakken Rumba. Denne lakken er ein danseglad glitterlakk med gull og oransje stringglitter i ein klar base. Ein kan sjølvsagt bruka denne åleine, for eksempel leggje to lag, sånn som dette. Men, eg syns det blir litt rotete og voldsomt, men ein kan kome unna med det når glitteret er såpass lyst og ton-i-ton.

RUMBA

Personleg foretrekker eg å leggje det over ein annan lakk, og sidan eg er glad i komplementærkontrast valde eg å leggje den over Slow Fox. Aah, much better!

SLOWFOX_RUMBA

 

Når me først snakkar om glitterlakkar syns eg det er på sin plass å introdusere Cha Cha som består av magentafarga glitter i magentafarga jellybase (som gjer at fargen dekkar lett, men at basefargen ikkje overdøver glitteret). Denne lakken ser også ganske ulik ut etter kva lys ein ser den i. Eg har tatt biletet i dagslys, utan sol og blitz.

 

cha_cha

 

Siste dans og lakk på programmet er enno ein glitterlakk. Kan det bli betre enn tre glitterlakkar i ein kolleksjon frå Linda Johansen? Neppe. Eg elskar glitter og har allereie blitt småforelska i Samba. Den er eit fyrverkeri av ein lakk som består av sekskanta glitter i ymse fargar og storleikar. Det er blått, det er lilla, gult, gull, rosa, oransje … Ja, ein real festlakk med andre ord. Her har eg lagt den over Wienna Waltz som er ein lys, transparent ferskenfarga lakk. Sikkert kledeleg på mange, men dessverre ikkje på meg. Når det er sagt så syns eg den vart ganske fin med glittertopping på. Faktisk så minna denne manikyren meg om dansekjolar i “nude” materiale med glitter på. 

VIENNAWALTZ_SAMBA

 

Men om ein føler seg hakket meir mørk og mystisk kan ein alltids leggje den over Tango og få dette resultatet.

tango_samb

 

Alle lakkane frå Linda Johansen kan du kjøpe i nettbutikken hennar for 139,- stk. Vil du heller kjøpe i butikk kan det hende at du finn den hjå nokre av forhandlarane hennar. Det som er aller viktigast å merke seg er at desse lakkane er Limited Edition. Det kan altså lønne seg å ikkje vente altfor lenge om det er noko som fristar.

 

Lakkane er produktprøvar frå Linda Johansen / Product samples received for review

 

Dette innlegget vart posta under Linda Johansen - Nail Candy, Uncategorized og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

6 svar til Linda Johansen Nail Candy – Ballroom Collection

  1. Tilbakeping: Linda Johansen Nail Candy Ballroom collection | Joyful-nails

  2. WB-Ingrid seier:

    Nyyyyydeliig kolleksjon.🙂 Veldig fint at du viser glitterlakkene over andre lakker.🙂

  3. Karianne seier:

    Fine swatches og godt skrevet bloggpost!❤

  4. Tone seier:

    Enig med Karianne, kjempefint innlegg! (Og lakker, selvsagt!)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s