Mitt innlegg om dei nye lakkane til Linda Johansen er in the making, men enn så lenge får de kosa dykk med bileter av OPI sin Dining al Frisco frå haustkolleksjonen San Fransisco.
Det eg likar spesielt godt med denne lakken er at den i det fine, solfylte vêret me har hatt her i Oslo i dag har framstått riktig så sommarleg. I skugge og litt dunklare belysning er framstår den mørkare, meir støvete og haustaktig. Dette er to lag.
I kveld sat eg med ein trang til å bytte lakk, men samstundes så likar eg jo denne blå så godt at eg ville ha den på litt lengre. Valet falt då på å ta Haven’t the Foggiest frå samme kolleksjon, og lage ein gradert manikyr.
Den sølvgrå skimmerlakken blir nesten som folie på neglane. Veldig fin å dabbe på over annan lakk.
So, this is two of the polishes from OPIs fall collection San Fransisco. First picture is the sky blue shimmer polish Dining al Frisco. On the second picture I dabbed on the silver grey polish Haven’t the Foggiest, making a gradient manicure.
Flotte negler. Sexy og elegant farge. Tenner litt på dette.