TL Design – Pastel Skittle Manicure

For nokre veker sidan fekk eg tilsendt nokre lakkar frå Tone Lise Akademiet, for utprøving. Då eg tok lakkane ut av eska var det mange som såg fine ut, også var det tre stk som eg umiddelbart fekk lyst til å kombinere i ein såkalla skittle manikyr.

Dei tre lakkane var den lysegule Pale Sun, den mintgrøne Creamy Mint og den romantiske Pink Lace. Alle desse lakkane er ifrå den nyaste kolleksjonen Delicate.

pastell_skittle

 

Skulle tru desse lakkane var laga for å bli brukt saman på denne måten. Nydelege, sarte pastellar, som overraskande nok var ganske lette å leggja. Eg opplevde ingen store problem og dei dekka fint på to lag.

Sidan eg har vore i ein vanndekalperiode no fann eg fram eit par søte små ugler som fekk pryde ringfingerneglane

pastell_skittle_ugle

 

Eg har aldri testa lakkar frå TL Design før, men førsteinntrykket er veldig bra. Har swatcha alle lakkane eg fekk tilsendt på swatchepinnar og alle (utanom ein) virkar veldig godt pigmentert og enkle å påføre.

Desse lakkane og andre kan kjøpast for eksempel i nettbutikken til Tone Lise Akademiet til den nette sum av 119,- per stk.

Lakkane er produktprøver frå Tone Lise Akademiet 

Reklame
Dette innlegget vart posta under TL Design og merkt , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

4 Responses to TL Design – Pastel Skittle Manicure

  1. Ah, virkelig lekre pastell farger! Alle tre kom på ønskelisten min tvert 🙂

  2. Lakkfeber seier:

    Ååh for noen nydelige farger!! Elsker ugla 🙂 og så fin blogg du har 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s