Eg har ein ganske stor fascinasjon for pandabjørnar. Spesielt kjempepandaen syns eg er ekstra fin. Syns dei ser så snille og kosete ut, og elskar når dei berre ligg rundt og et bambus heile dagen. Skulle ønska det gjekk an å ha dei som kjæledyr. Så då eg surfa etter vanndekaler/water decals på eBay ein gong falt eg pladask då eg kom over nokre ark med pandaer på. Det er fleire som har spurt kva vanndekaler er, og kort fortalt så er det ein form for klistremerker på papir som ein må blautleggje i vatn i ca 20 sek for å få det løsna fra papiret. Deretter overfører ein motivet til neglen og glattar ut. Personleg likar eg vanndekaler mykje betre enn klistremerker som eg har problemer med å påføre.
Men tilbake til den vesle pandafamilien min
Sjå den vesle karen med gitaren då. Jaja, eg veit det ikkje er sånt ekte pandaer driv med, men eg syns desse litt meir animerte pandaene var så søte at eg berre måtte ha dei.
Tommelen fekk selskap av pappa-pandaen (eller muleg mamma-pandaen) som slappar av og spis på bambusen sin
Basefargen er forresten Lime Crime – Milky Way.
A while ago when searching for water decals on eBay these cute giant panda-motives turned up. I ordered them immediately. I’ve always been in love with the giant panda. They look so kind and cuddly, and really seems to know how to relax. I like looking at them just laying arund eating their bamboo all day long!
I added the panda’s on top of two coats Lime Crime – Milky Way.
Så søte! ❤
Jaaa, vil ha dei på for alltid. Haha!
Pandaaaaa! ❤
Så nusselig!
ååååååååå 🙂 Disse var utrolig skjønne 🙂