Ciaté – Antique Brooch

For ei stund sidan fortalte Ingrid meg at ho hadde sett noko ho trudde kunne vera ein magisk lakk, på ein eller annan blogg. Eg prøvde å sjå på bileta sjølv, men dei var ganske dårlege og vanskelege og sjå om dei var magisk på ordentleg eller om det var sånn lurt-av-internett-magisk.

Men så hadde plutseleg Ingrid fått tak i ein på eit parfymeri og det var ikkje tvil. Lakken var magisk. Heldig som eg er fekk eg låna den, og dei dagane eg har gått med denne har komplimentene stått i kø. Jadajada, eg veit eg har sagt det mange gongar i det siste, men når vilt fremmede spontant bryt ut “Oiiiii!!! Det var en sykt fin neglelakk”, då veit du at du faktisk har ein sjukt fin lakk på. Eg har mange gongar tatt meg sjølv i å berre sitje å stirre på neglane mine … heilt normalt det, eg lovar.

antique_brooch

 

Eg var nesten litt i tvil om eg skulle blogge om denne lakken. Ikkje fordi eg ikkje vil vise dykk skikkelege skattar, men fordi eg aller helst ville sikre meg cirka åtte flasker før eg spredte ordet. Men så inntok realiteten meg og eg kom på at eg ikkje treng 8 flasker uansett kor fin lakken er, så eg har nøgd meg med å bestille éi flaske. Foreløpig …

 

antique_brooch2

 

Basen i denne lakken er gull, som kan bryte litt mot grønt i enkelte lys. I tillegg til dette er det tusenvis av glitrande hexagonforma flak. På avstand ser den nesten ut som folie. MAGISK!

I borrowed this magical polish from my friend Ingrid. The base is gold that in some lights has a green tone to it. In addition there is thousands of hexagon shaped pink/copper glitter to make the magic complete. I mean, from a distance it almost looks like foil. As I mentioned I borrowed this from my friend and had to make sure I ordered a copy for myself before I blogged about it ;) 

 

Dette innlegget vart posta under Ciaté, Uncategorized og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

6 svar til Ciaté – Antique Brooch

  1. Insouciant seier:

    Jeg som er kommet i et merkelig modus der jeg har sagt meh til det meste av nye lakker i det siste… Men her måtte jeg direkte inn på Beautybay🙂.

  2. Kjersti seier:

    Lekkerlekker! Har prøvd han eg og. Har du tatt på to strøk før overlakk?

  3. Shamini seier:

    Jada. Til å være ei som aldri gidder lakke neglene sine.. Gjett hvem som har bestilt denne, tre minutter etter å lest dette innlegget og forelsket seg i bildene dine? Ding-ding-ding! Det var meg det.😉 Nydelig! Helt fantastisk.

    • vakkerlakk seier:

      Utruleg gøy, Shamini😀 Eg er sikker på at du kjem til å lika den. Det einaste negative med den er at den er litt tjukk i konsistensen, men det er heilt leveleg, og resultatet blir jo så utruleg fint.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s