Deborah Lippmann – Gel Lab + Bitches Brew

gel_lab

Gelelakk er i vinden som aldri før, og som eit alternativ til gelelakk som du treng spesiallakk og herdelampe for å bruke, har Deborah Lippmann laga eit Gel Labsett som består av baselakken Coat Of Arms og overlakken Shining Armour.

gel_lab2

Berre for å ha det på det tørre; dette er ikkje gelelakk. Poenget med dette settet er at det skal gje eit like fint resultat som gelélakk gjer, og også forlenga haldbarheit. Men, det er ikkje slik at det vil vare like lenge som gelélakk. Det er baselakken og overlakken som gjer dette resultatet og sjølve lakkfargen kan vera akkurat kva du vil. For eksempel kan det vera den fine mørk raude lakken Bitches Brew.

gel_lab_bitches_brew2

Som de ser gjer overlakken Shining Armour verkeleg eit skinande resultat. Og det fine er at det held seg slik i fleire dagar. Den tørkar ganske raskt, men ikkje like raskt som overlakkane eg brukar til vanleg. Dog, det er verdt den ekstra ventetida for å behalda glansen eit par dagar ekstra. Når det gjeld haldbarheiten utover det er eg kanskje ikkje den beste til å svara på det, sidan all lakk på mine fingerneglar held lenge. Dog, som eit eksperiment la brukte eg gel lab settet då eg la pedikyr før ferieturen. Og den sit godt enda, sjølv om eg alltid brukar miste lakk på eit par av dei minste neglane etter kort tid. Så det er i alle fall ein indikasjon på at det fungerer.

Alt i alt ein god baselakk og overlakk, som gir eit langvarig skinande resultat. Er også lett å fjerne med vanleg lakkfjernar.

Settet har veil. utsalspris på 399,-

Produktprøve mottatt for vurdering.

Dette innlegget vart posta under deborah lippmann og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s