Pleie for tørre vinterhender

I vinter har hendene mine vore veldig tørre. Faktisk har huden min generelt vore kjempetørr. Faktisk har det vore så ille at eg har lurt på om eg har fått ein heilt annan hud enn tidlegare, eller om det berre skuldast den kalde vinteren. Og sannheten er nok at det både er vinter og andre forhold som spelar inn. Eg mistenker at min nærmaste allierte gjennom arbeidsdagen; handspriten/antibac, må ta delar av skulda.

Då eg no var på ferie var huden min eksemplarisk. Ikkje tørre hender i det heile tatt (men brukte handsprit/antibac her også). Ah, for ei tid det var!!!

Så kom eg heim og på berre nokre få dagar vart hendene tørre og såre igjen. NOK VINTER NO! Men heldigvis fins det ting som hjelper. I det siste har eg fått to nye handpleievenner som får hendene mine til å følast 20 år yngre ut, nemleg to lekre tubar frå Crabtree & Evelyn. Først kan de helsa på håndskrubben skin conditioning hand recovery.

crabtree-scrub

 

Handskrubb er eit must om ein har tørre hender (faktisk burde alle skrubbe huden sin eit par gongar i veka syns eg) for å få vekk daude hudceller, slik at pleiestoffa i kremen trekkjer lettare inn i huden. Denne pleier eg skrubbe med i ca eitt minutt før eg skyller den av. Deretter finn eg fram min andre gode venn: håndkremen ultra-moisturising hand therapy.

crabtree-krem

 

Det eg likar spesielt godt med denne kremen (utanom at den luktar deilig) er at den er silkemjuk og trekkjer raskt inn i huden, utan å etterlate seg eit klissete lag som set flekkar på alt ein tek på. Denne er altså perfekt om ein f.eks jobbar mykje med PC (noko som minner meg om at eg må få fatt i ein tube til som eg kan ha på jobb).

Stor tommel opp for Crabtree & Evelyn!

 

Produktprøver motteke for vurdering.

Dette innlegget vart posta under Handpleie og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s