Deborah Lippmann – The Stripper To Go

Som de kanskje har fått med dykk så har eg nyleg vore på ferie i eksotiske strøk. Eg tenkjer alltid når eg skal nokon plass at “åååh, det blir masse tid tidleg på dagen til å fikse neglane”. Og denne gongen hadde eg pakka ned ein tre-fire ulike fargar, pluss topplakk og overlakk og tre små pakker The Stripper to go for å kunne enkelt fjerne lakk utan å måtte drasse på flasker med lakkfjernar og bomull/filt.

the_stripper_to_go

Det vart jo ikkje noko neglefiksing akkurat då. Sjølv om me var på cruise i Karibien så var det jo rockecruise og programmet starta tidleg. Og dagane me var i land starta endå tidlegare. Så eg måtte altså spare lakking og testing av The Stripper to go til eg kom heimatt.

Og no til saken: The Stripper to go er små “fingervottar” dynka med lakkfjernaren The Stripper, sånn at ein enkelt kan fjerne lakk når ein er på farten. Kjempesmart i teorien i alle fall. For eg slit litt med sjølve konseptet. Først såg eg for meg at det skulle vera ti små vottar i kvar pakke, men så er det altså ein stor!?

the_stripper_to_go2

 

Ein skulle jo tru at hvis ein har på denne votten i ein 10-20 sekund så skulle lakken gå av i ein svosj … men det skjedde ikkje, og det vart mykje gnuing og gnikking for å få av lakken. Så det er eg litt skuffa over for eg har hørt veldig mykje skryt om lakkfjernaren The Stripper (men den er kanskje bedre?). Eg brukte alle sider av votten for å få fjerna all lakken på ei hand.

Litt skuffa altså, men det er jo noko positivt med dette konseptet her: Dei er lett å ha med seg på reise. Det er rikeleg med lakkfjernar på votten (og fjernaren luktar godt/lavendel). Votten er ikkje for mjuk og loar heller ikkje. Også pluss for at det er “porsjonspakker” og ikkje f.eks ein boks med 10 vottar i, som kan tørke ut om ein ikkje brukar opp alle innan rimeleg tid. Minus for at den ikkje fjerna lakken så raskt som eg hadde håpa på, og at det kanskje burde vore to vottar per pakke (ein til kvar hand).

 

Produktprøve motteke for vurdering.

 

 

 

 

Dette innlegget vart posta under deborah lippmann og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s