Deborah Lippmann – Through The Fire + Cleopatra In New York

I fjor (høhø) fekk eg tilsendt nokre limited edition-lakkar frå Kate Hermansen Agenturer. Dette var Holiday 2012-lakkar frå Deborah Lippmann. 

Her har de Through The Fire

Bilete

Denne glødande, djupraude lakken er nesten på ein prikk heilt lik Orly – Smolder som eg har vist dykk tidlegare. Det er nesten heilt umuleg å sjå skilnaden på dei. Dei ser litt ulike ut i flaskene, men på neglane er dei (etter mitt skjønn) heilt like. Og det er faktisk heilt supert. For Orly – Smolder er nok min favoritt av mørk raude lakkar.

Den andre lakken eg fekk tilsendt var Cleopatra In New York. Dette er ein mørk/svart jellybase, proppa med gullglitter i alle mulege størrelsar og fasongar. I brevet eg fekk med lakkane sto det at desse to lakkane var kjempefine saman, så eg bestemte meg for å gå for den varianten. 

cleopatrathroughthefire

 

Mrrr. ELSKAR glitter!!! ❤ Og sjå kor fint når det raude skin litt gjennom den mørke basen i Cleopatra In New York!!!

 

Lakkane er produktprøvar frå Kate Hermansen Agenturer

Reklame
Dette innlegget vart posta under deborah lippmann, Glitterlakk, Uncategorized og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

5 Responses to Deborah Lippmann – Through The Fire + Cleopatra In New York

  1. wbingrid seier:

    Gåååårdjes fint. 🙂

  2. Lani Maverick seier:

    Lucky you! 🙂 Beautiful polishes. I never would have thought of combining them, but now I want to try something similar 🙂

  3. Benedikte seier:

    Herlege fargar saman, heilt klart:) Eg er ein ganske fersk neglelakkblogglesar (laaaangt ord) og kan ikkje alle forkortingane som blir brukt. Kunne du hatt ein kort introduksjon til oss nye på bloggen din? Feks kva betyr VNL? Og andre ord som eg ikkje kjem på i farta 🙂 Stå på vidare, elsker bloggen din og at du skriv nynorsk, du er best!!!

    • vakkerlakk seier:

      Tusen takk for ein kjempefin kommentar, Benedikte. No vart eg glad 🙂 Eg kan prøve å få skrive eit sånn innlegg. Sånn i farta kan eg jo berre kort fortelle at VNL er forkortelsen for Visible Nail Line 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s