Eg er litt i holohumør om dagen og i dag vil eg vise dykk magiske Siw frå Make Up Store. Eg går rett på sak og tek bileta med ein gong.
Det er ikkje nødvendigvis enkelt å fotografere holografiske lakkar. Dei fleste krev sollys, men denne kan du nok klare å fange i kunstig lys også.
Veit ikkje heilt om eg har fått fram kor fin denne er. Holografiske lakkar er som oftast finast IRL.
Kva syns du? Har du nokre holografiske lakkar frå MUS?
Den ser lekker ut, men usikker på om den ville kledd min hudtone. 🙂
Hmm. Det er berre ein måte å finne ut det på 😉
Rålekker, stilig og awesome. Kjempe fin! 🙂 Jeg skal på nyttårsfest 25.januar syns du kunne lakka neglene mine altså(a). Hihi.. :p
Ja, det kan eg nok gjera, Malin 😉
har alle 3 🙂 men synest dei er veldig vanskelige å legge!
Holografiske lakkar kan vera veldig vanskelege å legge. Dei krev ein spesiell baselakk. Make Up Store har ein som heiter Aqua Fix. Kjempegod investering om du vil få brukt dei fine holografiske lakkane 🙂
Så fin!