Godt nytt år, kjære lesar. Håpar du har hatt ein fin start på det nye året.
Siste del av 2012 medførte litt liten blogginspirasjon for min del, men får håpe det tek seg opp att i 2013. Så eg må berre beklage om nokon har blitt skuffa over få oppdateringar her inne.
Eg køyrer igang 2013 med ein indielakk eg ikkje kunne la vera å kjøpe etter å ha sett den inne hos neglelakkmani (som vanleg … eg byrjar å sjå eit mønster her… hmm), nemleg den glitterglade lakken Makoto frå Daily Lacquer.
Då basen i denne lakken er blank valde eg å leggje den over China Glaze – Running in Circles. Som er ein nydeleg grønn skimmerlakk frå Cirque De Soleil-kolleksjonen. Det einaste minuset med den er at eg får grøne neglar av den sjølv etter at den er fjerna. Ha det i tankane om du, i motsetning til meg, likar å ha «nakne» neglar av og til.
Eit lite macrobilete til slutt her. Gaaah, så fiin!
Magi!