I dag er det Halloween folkens, og sjølv om eg ikkje brukar å markere dagen, er det jo einaste dagen i året at eg kan bruke halloween-biletplatene mine. Årets resultat vart langt frå perfekt, men det er trass alt det einaste halloween-designet eg har laga i år.
Eg starta med to lag Papaya Punch frå China Glaze, og svampa deretter på med Riveting frå samme merke. Deretter svampa eg på litt svart, men syns det vart litt mørkt og gjekk difor over med litt brun akrylmaling. Til slutt vart det diverse passande stempler frå diverse billedplater. Her har me både skumle spøkelseshus, flaggermus og edderkoppar. Kunne forsåvidt tenkt meg og hatt med gresskar også, men det er begrensa kor mykje ein får plass til på 5 neglar.
Translate: Today I bring you my Halloween design of the year. It’s nowhere near perfect, but from a distance one almost cannot see all the flaws. No closeup picture today then 😉
I LOVE IT!
HURRA 😀
Stili!
Tusen takk, Renate 😀
Wowow, kjempestilig!
Hjarteleg takk, Pantora 🙂
Fy flate, de her var bare heilt konge bra 🙂
Tusen takk. Kjekt du likte det 😀