I dag skal eg vise dykk sjølve «tittellakken» frå James Bond kolleksjonen til OPI. Nemleg Skyfall. Ein raudbrun/maroon cremelakk som eg først vart litt skuffa over då eg såg den i flaska. Der såg den ganske brun og keisam ut, og eg kjente den ikkje heilt att frå swatchen eg hadde sett på nett.
Det var inntil eg fekk den på neglane
Lakken var eksemplarisk lett å leggje, og eg la to lag. Kun eitt lag blir litt ujamnt. Dette biletet er utan topplakk, så lakken er veldig skinande og fin på egenhand. Men de veit jo at eg alltid tilrår å bruke overlakk for å få ein skinande lakk med lang haldbarheit.
When this polish arrived I was a bit disappointed as it looked so brown and dull in the bottle. After all I had seen a beautiful swatch online. However, after seeing it on my nails my disappointment immediately disappeared. A gorgeous maroon creme polish. I used two coats as one coat was a bit uneaven, but with two the result is just right.