Ombre nails

På søndag hadde eg ein stor visjon om å endeleg få laga eit imponerande stilig tapedesign. Eg hadde ganske god tid og alt låg eigentleg tilrette for at eg skulle få det til. Heilt til eg ikkje fann den forbaska tapen då. Heldigvis, medan eg (lettare frustrert)  leita etter noko eg ikkje klarte å finne, fekk eg auga på posen med sminkesvampar som låg på sminkebordet. «Aha!» Tenkte eg «Ombre nails!!!» og dykka ned i Helmeren min etter lakkar eg kunne bruke.

Og så var det gjort.

 

Ombre nails er får ein ved å svampe på fleire fargar slik at ein får glidande overgangar mellom fargane. Eg valde å leggje den gule (China Glaze – Sunshine Pop) som ein basefarge, over heile neglen, og når det hadde tørka, dytta eg oransje (CG – Papaya Punch) og rosa (CG – Wicked Style) på sminkesvampen og brukte svampen til å dytte det på neglen. Og så er det berre å svampe  veg til ein er nøgd. Syns du f.eks det blir for mykje oransje og for lite rosa – svamp på litt meir rosa osv. Hugs å avslutta med overlakk.

Har fått overveldande mykje merksemd for desse neglane. Veldig kjekt det.

 

Translate: Sunday I made these ombre nails using China Glaze – Sunshine Pop, Papaya Punch and Wicked Style. Used a normal makeup sponge for this. So simple and easy, but also very pretty. Got so much attention and compliments for these nails. They look a lot more advanced than it really is. 

Reklame
Dette innlegget vart posta under China Glaze og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Ombre nails

  1. WB-Ingrid seier:

    Kanonfint! Jeg har en plan om å øve mer på svamping. 🙂

  2. Renate seier:

    Kjempefint, veldig «smooth» overgang 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s