For nokre dagar sidan fekk eg ein lakk i posten frå Linda Johansen. Det viste seg å vera ein ny versjon av den oransje lakken Pumpkin Pie. Det viser seg at når ein fjernar alt gullskimmeret frå denne lakken så står ein igjen med ein nydeleg oransje jellylakk. For korte neglar er det veldig fint med kun eit eller to lag, men på mine neglar (som har litt lengde) måtte eg til med tre lag for å unngå VNL.
Her er eit foto som viser skilnaden mellom gammel og ny formula
Og her er eit bilete med kun ny formula
Som de sikkert ser så blir lakken meir raudtona når ein fjernar gullskimmeret.
I og med at lakken er jelly er den også fin å lage jellysandwich med. Dette er då eit lag glitterlakk mellom to lag jellylakk. Dette har blitt ganske populært i det siste.
Den nye Pumpkin Pie blir relansert saman med haustkolleksjonen som har lanseringsdato 1.sept. Eg gler meg til å sjå resultatet av den nye kolleksjonen. Gjer de?
Translate: This is a small sneak peak from the upcoming fall collection by Linda Johansen. This is simply a new formula of the orange shimmer polish Pumpkin Pie. As they now have removed the golden shimmer, what’s left is this gorgeous red toned orange jelly. In the first picture above you can see the old and new formula compared, and in the second I only wear the new formula. I have 3 coats as to avoid VNL, but if you have short nails you could probably settle for one or two coats. That leaves a very nice result.
So this is the sneak peak from the new collection which in norway has release date september 1st.