Noko av det kjekkaste eg veit er når nokon har vore i utlandet og kjøpt seg neglelakkar som me ikkje har i Noreg og som eg får prøve. I går var eg heldig og fekk prøve to lakkar frå Topshop. For det er jo nemleg slik at eg kan vera litt dårleg på å bestemme meg for kva lakk eg vil prøve, at når det er to å velge mellom vel eg ofte å prøve begge to.
Så her ser de altså resultatet av eitt lag Nails in Stolen Sapphire, og prikkar med Nails in Hidden Treasure. Begge frå Topshop.
Eg vart veldig overraska over kvaliteten på desse lakkane. Den blå var veldig lett å leggje, og vart opak og jamn med berre eitt lag. Det er alltid greit når lakken dekkar på eitt lag når eg låner lakk av andre, så slepp eg tømme halve flaska.
Nei, no vil eg dra til London og kjøpe mange lakkar frå Topshop med ein gong! Eg er ikkje heilt sikker på kva dei kostar, men ut frå nettsidene kan det sjå ut til at dei kostar ca £6.
Translate: So, my friend bought a couple of nail polishes in London last week, and I was fortunate to try on these. The result you can see in the above picture. I chose to use Nails in Stolen Sapphire for a base color and made dots using Nails in Hidden Treasure, both polishes are by Topshop. The base color only needed one coat to be opaque, and it applied so smooth and easy. So far very impressed with these and want to travel to London immediately to buy a lot of Topshop polishes for myself.
Likte kombinasjonen veldig godt. Jeg sitter bare å ser på neglene mine hele tiden i dag 😉
Haha, du gjer det ja. Men det er jo eit godt teikn 😉
Hvordan lager du sånne fine prikker?
Med prikkeverktøy/dotting tools. Du kan sjå korleis dei ser ut i dette innlegget: https://vakkerlakk.wordpress.com/2011/01/23/notd/
Tror ikke at jeg har noen som jeg kan låne lakk av jeg 😦 Men men… den lakket du laget prikkene med så veeldig fin ut 🙂
Trur somme av mine venner har blitt litt påverka av meg og har byrja å handle litt lakk når dei er rundtom, så det hender at eg kan låne noko eg ikkje har frå før. Men det skjer jo ikkje heile tida.
Og JA! Hidden Treasure er kjempefin. Metallisk duochrome i grønn og blå. Lekkerlekker.