KIKO – 255 Violet Microglitter

Denne lakken frå KIKO er ein liten skatt eg fann i Berlin. Med ein gong eg såg den visste eg at eg måtte ha den. Og den skuffar ikkje IRL.

Det den skuffa på var at den nærmast var umuleg å fotografere. Dette var det beste eg fekk til i dagslys. Heldigvis fins det også kunstig lys som er hakket meir egna til å få fram glitter, så eg tok med meg kamera og gjekk på badet.

Mange syns nok kanskje dette er ein litt mørk farge til å bruke på denne tida, men når sola skin på denne så glitrar det så fint at eg ikkje kan tenkje meg å pakke denne vekk heilt til hausten.

KIKO sine lakkar har ikkje namn på flaskene, men namna finn ein på nettsidene deira. Og denne heiter altså Violet Microglitter og er då altså ein lilla lakk med microglitter i, som namnet tilseier. Alle lakkane eg har prøvd frå KIKO har dekka fint på to lag og har vore lett å påføre, sjølv om kosten kunne ha vore hakket betre. Eg betalte €2,50 per lakk, noko som er kjempebilleg. Muleg det var tilbod, men eg er ikkje heilt sikker.

Translate: So this is number 255 Violet Microglitter by KIKO. It’s a beautiful violet polish packed with stunning microglitter. I spotted this polish immediately in the store and knew I had to get it! It’s opaque in two coats. 

Reklame
Dette innlegget vart posta under KIKO og merkt , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

5 Responses to KIKO – 255 Violet Microglitter

  1. Denne var vakker ❤

  2. Manjana seier:

    Han var fantastisk vakker! Kor kjøpte du eigentleg KIKO? Eg er eindel i både Berlin og Tyskland generelt, men har ikkje sett KIKO på dei vanlege parfymeria (dm, Bata, Douglas ++).

    • vakkerlakk seier:

      Eg kjøpte i ein rein KIKO-butikk på eit senter ved Alexanderplatz i Berlin. Muleg senteret heiter Alexa? Du må innom ein butikk om du finn ein, dei har veeeldig mange lakkar. Og nokre fine liquid eye liners om du brukar slikt. Og mykje anna, men det har eg ikkje prøvd 🙂

      • Manjana seier:

        Eg har vært på Alexa fleire gonger, men tydelegvis gått glipp av KIKO. Aldri igjen…!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s