Min kjærleik til limegrøn strekkjer seg langt tilbake i tid. I ein periode kjøpte eg nesten kun limegrøne ting. Og det som er så fint med limegrøn er jo at den kan kombinerast med stort sett alle andre fargar. Limegrøn og grå, limegrøn og lilla, limegrøn og rosa, limegrøn og brun, limegrøn og blå…
Så nettopp derfor var det kjekt at ein av lakkane i sommarkolleksjonen frå Linda Johansen Nail Candy er limegrøn. Og som fleire av dei andre lakkane har den eit fint skimmer som gjev lakken det vesle ekstra. Skimmeret i denne er sølvfarga, og ganske subtilt.
Fin kva? Nydeleg sommarfarge. Garantert perfekt til litt solbrun hud (for dei av dykk som blir brune. haha)! Som dei andre lakkane kostar også denne 139,- og kan mellom anna kjøpast i nettbutikken. Hugs baselakk/basecoat og overlakk/topcoat.
Lakken er produktprøve frå Linda Johansen.
Translate: Lime green has been one of my absolute favorite colors for many years, so I’m very exited about this polish by Linda Johansen. Key Lime is a gorgeous lime green with subtle silver shimmer. Perfect for summer and a sun kissed skin!
This product was sent to me for review!
Kjempefint 🙂