I dag har eg ein nydeleg pastellrosa lakk med delikat, subtilt gullskimmer å vise dykk. Gullskimmeret er så sjenert at det nesten ikkje viste på bileta eingong, men det gir likevel lakken litt ekstra schwung(!) når ein ser den live.
Om du ser på flaska her så ser du skimmeret godt, også kan du skimte det på langfingerneglen om du ser litt godt etter. Eg er ikkje spesielt fan av rosa lakkar, men denne likte eg faktisk overraskande godt. Eg trur det kan ha med gullskimmeret å gjera. Det gjev lakken det vesle ekstra, i tillegg til at eg syns nyansen faktisk var ganske flatterande sjølv til min ganske bleike hud.
Dette biletet er tatt i kunstig lys. Skimmeret kom ikkje noko betre fram her heller. Du må nok nesten sjå den live. Lakken var bittelitt tjukk i konsistensen (heilt vanleg for pastellakkar), men ikkje vanskeleg å påføre (bruk lett hand og ikkje overlapp for mykje). Bileta er tatt utan topplakk.
Translate: Today’s swatch is Blushing Bride by Linda Johansen. It’s a soft pastel pink polish with a subtle gold shimmer. The gold shimmer was a bit shy and didn’t want to show up on pictures. But it does add the little extra to this polish! This is two coats with no top coat.
Uten topplakk? Også skinner den så mye? Wow 😀
ja 😀 Er det ikkje flott?!