Dag to med swatches av Sugar Blossom Collection frå Linda Johansen. Er ofte eg har ein plan om å swatche mange lakkar på ein ettermiddag, men det blir sjelden sånn. Og det blir sjelden sånn fordi eg blir så forelska i så mange lakkar at eg vil gå rundt og vise dei fram ofte. Det treng vel ikkje vera noko negativt det vel?
Her er i alle fall Lilac Lilly.
De får berre eit bilete av denne, og det er det fleire grunnar til;
- Alle bileta hadde samme utsnitt og viste nøyaktig det samme
- Det var ikkje så enkelt å få korrekt fargegjengivelse på denne, fordi den er liksom varm og kald på samme tid, og litt annleis i dagslys i vindaugskarmen, enn litt lengre inn i stova i mindre dagslys.
Det var forsåvidt kun dei to grunnane. På bilete er det som vanleg to strøk mellom basecoat og topcoat. Eg hadde ikkje nokon problem med påføringa, men eg seier som Karianne/neglelakkmani; påfør med lett hand, og avslutt alltid med topcoat så får du eit jamnt resultat.
Ein ting eg har gløymt å nevne tidlegare er bonusordninga Linda Johansen har lansert. Du får bonuspoeng for det du handlar i nettbutikken som du kan bruke ved ein seinare anledning. F.eks får du 7 bonuspoeng for å kjøpe Lilac Lilly eller nokon av dei andre lakkane som fins i nettbutikken. 1 bonuspoeng = 1 krone
Translate: This is Lilac Lily from Linda Johansen’s Sugar Blossom collection. As usual I have applied two coats over basecoat and wearing top coat on top. Hope you like it!
This product was sent to me for review!
Nydelig bilde! 🙂 Den er så fin!
Tusen takk, Karianne. Og ja, kjempefin. Mykje finare enn eg trudde før eg fekk den på neglane 😀
mmmmmmmmmm:) snadder lakk:)
På tide å invstere i noen LIna Johansen lakker kanskje…. uff.. dyrt da, men kanskje de er verdt det 🙂
Ut i fra det dere sier gir m\det mersmak 🙂
❤
Eg har i alle fall vore veldig nøgd med samtlege lakkar eg har testa av desse lakkane. Høg kvalitet 🙂
Denne lakken er så fin og har blitt en av mine favoritter 😀
Ja, den er verkeleg nydeleg!
Tilbakeping: Nails of the day! | Linda Johansen