I går fekk eg ei kjempeoverrasking frå Linda Johansen. Nemleg heile sommarkolleksjonen Sugar Blossom Collection.
Etter langt om lenge og lengre enn langt klarte eg endeleg å bestemme meg for kva lakk eg skulle teste først. Valget falt på Bikini Bottom etter å ha fått litt hjelp på facebooksida til bloggen (gå inn og lik den om du ikkje allereie har gjort det. Det er ei ordre. Neida. joda…)
Fotografert i dagslys i vindaugskarmen er den nydeleg og skarp turkis, men i andre lys kan den framstå litt lysare og mjukare og meir blå enn turkis.
Sjå kor fint den passa til den nye ringen min eg har laga. Skulle tru dei er meant to be!
Uansett, dette er to lag over Base Coat Ridge Filler og på toppen har eg eit jamnt lag med Speedy Top Coat. Lakken glei på som smør, utan problem og det vart eit jamnt og fint resultat med ein gong. Eg har ganske lange neglar og tok på to lag, men om du er litt nøye og har korte neglar, kan det hende du kan klare deg med eitt (litt generøst) lag. Prøv deg fram. Lakken tørkar raskt så det er ingen problem å ta to lag om ein er usikker på om resultatet blir jamnt nok.
Translate: This is Bikini Bottom from the brand new Sugar Blossom collection by Linda Johansen. In daylight the polish is so bright and vibrant, and in indoor lightning maybe a bit more subtle and gentle leaning more towards blue than turqoise. I LOVE this color. Not only is it so pretty but it applies smoothly like butter. On the pictures I have two coats over Base Coat Ridge Filler and on top I have an eaven layer of Speedy Top Coat.
This product was sent to me for review!
Så artig at du også har lagt merke til at den skifter farge i forskjellig lys! Nydelig swatch! 🙂
Ja, den skiftar jo heile tida. Eg tok bileta i dagslyset i vindauget og gjekk så rett på pcen for å leggje dei inn, men der i sofaen hadde lakken ein heilt anna farge. Kjekt at min og din swatch var ganske lik i farge. Kjente eg vart litt beroliga då 🙂
Hehe, ja! Men jeg elsker at den er litt sånn underfundig, plutselig mye mer grønt i og sånn. 🙂
Ja, det er absolutt ikkje noko negativt 🙂
Fin lakk og fin ring! 🙂
Nydelig farge, og absolutt elsker ringen din!! Hvor kjøpte du det du trengte til å lage den? :))
Tusen takk. Eg kjøpte det via eBay hjå ein selgar som heiter Antique Findings 🙂
Aaa, der var den ja. Tenker på veldig blå himmel på en sommerdag – godfølelse 🙂
Ja, som ein skarp blå sommarhimmel. Der sa du det 🙂