I dag er det fantastisk vær her i Oslo med sol og blå himmel. Eg har merkeleg nok blitt forkjøla og var såpass skral i formen at eg såg meg nødt til å vera heime frå jobben (det skjer nærmast aldri), og dermed har eg jo hatt litt tid til å sjå på Snowboard VM som er i Oslo denne veka. Der vart det blant anna nevnt at det er reine påskeværet oppe i Wyller, og til slutt var eg berre heilt nødt til å finne fram litt gul lakk. Flaks for meg då at China Glaze har ein gul lakk i Electropop-kolleksjonen
Dette er tre lag. Dette må vera den første gule lakken eg har prøvd som ikkje treng lakkast over ein kvit baselakk. Fotografert i dagslys, fekk ikkje heilt fram kor «bright» denne er i dagslys.
I kunstig lys vart den kanskje endå meir skarp enn den eigentleg er. Litt vanskeleg å få den korrekt, men ein ting er i alle fall sikkert. Den er dritfin.
Har du testet taxi yellow fra ciate? Den er også ganske så fin. 🙂 Gul lakk er undervurdert!
Nei, den har eg ikkje testa. Faktisk ikkje prøvd nokon Ciaté-lakkar 😦
Så glad og fin farge! 🙂
JA! Akkurat det tenkte eg og. Får lyst til å hoppe rundt. Haha
Vilken glad färg 🙂
Ja, den var verkeleg overraskande fin! 🙂
Ååh, for en gladlakk! 😀
Tilbakeping: China Glaze – Wicked Style | Vakker lakk – gjer meg blakk