Her om dagen viste eg dykk at eg hadde kjøpt ein ny 3-pakning med minilakkar frå H&M. Og for å ikkje hale ut tida for mykje med ein swatch om gangen, har eg valt å vise alle tre på ein gong, for det som er fint med sånne 3-pakningar er jo at det ofte er fargar som passar veldig godt til kvarandre.
Desse minilakkane frå H&M er ikkje den beste kvaliteten, men dei er billege (39,50 for alle tre). Og sjølv om dei tørkar sakte så er dei jo så rimelege at du har råd til å investere i ein knallgod hurtigtørkande topplakk (f.eks Seche vite, Essie good to go, Poshé eller Speedy Top Coat frå Linda Johansen), og så er problemet løyst.
Smart å lage et design med alle tre lakkene! 😀 Det ble jo i tillegg ganske så stilig 🙂 Fant ikke disse på H & M i går eg 😦
Åh, kanskje dei ikkje er i alle butikkar endå? 😦 Eg kjøpte jo desse her i Oslo, men dei sto litt gøymt nede på ei hylle.
Synes du hadde lagt den på kult jeg 🙂
Takk, så kjekt 🙂
Gud så fint det ble! Fargene passet veldig godt sammen! 🙂
Takk! Og ja, enig i at fargane passa godt saman, og det likar me jo 😉
Kjempeflott design du laget med dem!
Takk. Vart ganske nøgd sjølv 😉
Hva slags glitterlakk har du brukt?
Alle lakkane er frå eit sett med 3 lakkar frå H&M. Kostar 39,50 for heile settet 🙂