China Glaze Magnetix – Cling On

Kan tru eg var spent på China Glaze sin kolleksjon med magnetiske lakkar. Ikkje minst på magneten med tre ulike mønstre på. Frå før har eg prøvd magnetiske lakkar frå Nails inc. og frå essence.

Eg har foreløpig kun testa ein av desse lakkane, og det gjekk sånn passe. Eg har lese om fleire som ikkje har vore nøgd med sjølve magneten. Eg trur ikkje det var det største problemet mitt, sånn eigentleg. Eller, kanskje det berre er magnetar i seg sjølv som er vanskeleg. Eg kan vise korfor:

Dei der små rundingane de ser på tre av neglane har eg fått fordi eg har veldig kurvete(?) neglar, som då altså nesten uansett kva eg gjer, kjem borti magneten. Det kan hende at problemet minskar om eg kortar ned på neglane og kan halde magneten i ein annan vinkel. Får vurdere det til neste gong.

Magneten i seg sjølv syns eg faktisk er OK. Den er ikkje vesentleg annleis enn andre magnetar eg har prøvd, bortsett frå at den har 3 ulike mønster. (Noko som eg sjølvsagt klarte å klure til. Det var ikkje tenkt at ringfingerneglen skulle ha stjernemønster, men plutseleg vart det visst det likevel ;)) Eg lakka eit lag lakk på alle neglane, og deretter eit lag til på ein og ein negl og brukte magneten mens lakken endå var våt. Det tek kun få sekund før mønsteret visar. Noko som er positivt.

Har du prøvd magnetlakk? Kva er din favoritt?

Dette innlegget vart posta under China Glaze og merkt , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

11 svar til China Glaze Magnetix – Cling On

  1. Har ikke prøvd enda… fargen på denne var jo fin🙂 Synes de andre eg har sett er så like i farge og mønster. Kjedelig :p

  2. Karianne seier:

    Jeg synes magneten fungerer bra, jeg også, Tror det er noen førstegangsbrukere som ikke har kommet over læringskurven som skylder på magneten. Jeg holder magneten og fingeren i øyehøyde når jeg bruker den, slik at jeg kan følge nøye med på at magneten ikke løfter eller berører lakken.🙂

    • vakkerlakk seier:

      Ja, sant, det har eg og tenkt på. Eg forsøker å halde den i augehøgde å følge med eg og, men så må eg halde den så nærme for å få effekt framme på neglen (som er lengre unna pga krumninga, om du forstår), så kjem eg borti likevel. MEN, eg har jo ikkje akkurat øvd lenge på dette. Men magneten i seg sjølv syns eg er god.

      • Karianne seier:

        Du hadde egentlig trengt en magnet med høyere støtte slik at du kunne vinklet den mer da?🙂

      • vakkerlakk seier:

        Heilt korrekt. Eller endå betre, ein som er bua (buet?), som liksom følger negleforma så mønsteret kjem på sidene også😉

  3. Maria ♥ seier:

    Har ikke prøvd de fra China Glaze enda, kun Nails Inc. Synes det er litt vanskelig å få ‘magnetmønster’ på høyre og venstre side av neglen, men ellers synes jeg dette er kjempekult!

  4. Pantora seier:

    Oi, det har jeg aldri hørt om en gang! Kjempekult..!

  5. Har bare prøvd de fra Essence og er relativt fornøyde med dem

    • vakkerlakk seier:

      Eg syns essence sine har vore mykje tammare enn både nails inc og china glaze. Ikkje fått like kult resultat med essence dessverre. Men nails inc og china glaze er awesome😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s