Linda Johansen Nail Candy – Purple Haze

Som eg nevnte i førre innlegg fekk eg tilsendt nokre av dei nye lakkane frå Linda Johansen.  Eg har allereie vist Midnight Blue og no er det klart for Purple Haze. Eg funderte lenge på korleis eg skal beskrive denne lakken. I håp om at det skulle hjelpe, sjekka eg skildringa i nettbutikken, og den var ganske lik på det eg sjølv tenkte. Fargen er ganske ubestemmeleg. Er den brun? Lilla? Grå? Varm? Kald? Ein fin miks av alt?

Bildene viser to lag over basecoat, og på toppen er det eit lag Speedy Top Coat (følg linkane for å koma til nettbutikken).

Dette er tredje Nail Candy-lakken eg testar, og inntrykket mitt av desse er veldig bra. Dei er lette å legge, tørkar raskt og varar lenge (hugs basecoat og topcoat). I tillegg er fargeutvalet bra. Prisen er 139 kroner per stk, som er heilt akseptabelt for kvalitetslakk.

Sjekk også ut innlegget eg skreiv om lakken Mardi Gras tidlegare. Den har eg også brukt i eit “overdådig” design i ettertid.

Lakkane er produktprøvar frå Linda Johansen

Dette innlegget vart posta under Linda Johansen - Nail Candy og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

9 svar til Linda Johansen Nail Candy – Purple Haze

  1. Hmm, for meg ser det ut som en grå/lilla lakk! Den var hvertfall utrolig fin!🙂

  2. vakkerlakk seier:

    Ja, den er litt grålilla, men så er det liksom litt brunt også! Men ikkje så nøye så lenge den er fin🙂

  3. For en lekker grå farge! Skikkelig classy og elegant

  4. neglelakkogmeg seier:

    Den vart skikkelig fin. En grå/lilla/brun farge, som er mørk, men ikkg for mørk.

    Når det kommer til jobbvennlighet, er faktisk det noe jeg ikke bryr meg om. Neglene mine er neglene mins, og jeg liker å ha masse farger osv på dem, og det må de bare godta.

    Men, jeg har ikke fått noen dårlige tilbakemeldinger på neglene mine ennå (men nå jobber jo ikke jeg akkurat i en jobb v4eldig høyt oppe heller da)

    • vakkerlakk seier:

      Ikkje sant, her er eg heilt samd med deg. Eg brukar alle fargar eg vil på neglane mine sjølv om eg er på jobb. Men veit jo av erfaring at mange ikkje trur ein kan bruke kva som helst på jobb (og kanskje kan ein ikkje det heller, kva veit eg?)🙂

  5. Sissel seier:

    Hei, ligner denne på Chanel sin 505 el er den mer blå/grå? Veldig fin farge!

    Siss:-)

    • vakkerlakk seier:

      Hei. Eg kan ikkje seie nøyaktig korleis den er i forhold til Chanel 505, men når eg googlar den så ser den brunare og lysare ut enn Purple Haze. Så ut frå det vil eg seie at den er meir grå/blå🙂

  6. Maria ♥ seier:

    Kjempefin lakk!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s