Godt nytt år!

Første post i 2012. Eg har vore lenge på juleferie, og noko oppdateringar vart det diverre ikkje, då internettet ikkje fungerte på maskina mi. MEN, no er det nytt år og nye muligheiter.

Til julaften rakk eg ikkje skifte neglelakk, så eg hadde framleis Whitehall frå Nails inc. som eg viste i førre innlegg. I går var eg flink og ordna neglane før eg skulle ta til på middagen. Valet falt då på deborah lippmann – across the universe som eg var så heldig å få til jul. Noko anna eg fekk til jul, var eit nytt objektiv til kamera mitt (fast 50mm f1.8), som eg freista ta neglebilder med. Veeel, ikkje akkurat suksess, så desse bileta blir ikkje dei beste de har sett.

Men lakken er fin, det skal han ha. Det eg har lært av denne påføringa, som eg vil hugse til neste gong, er at eg neste gong heller skal bruke ein annan blå til basefarge, enn å lakke tre lag av denne. Trur glitteret vil koma meir til sin rett då. Og at det blir lettare å få eit jamt resultat.

Så det var min nyttårsmanikyr. Kva hadde de på dykk, fine lesarar? Og ikkje minst, hadde de ei fin nyttårsfeiring? Eg hadde tenkt å lage ribbe til meg og kjærasten, men måtte iverksette plan b (ikkje at me hadde ein plan b sånn i utgangspunktet) og gå på butikken og kjøpe biff i siste liten, då me oppdaga at ribba hadde starta forråtnelsesprosessen sin tidlegare enn forventa. Me prøver igjen i dag!

Dette innlegget vart posta under deborah lippmann og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s