nails inc. – Whitehall

I går bestemte eg meg for å prøve fine Whitehall frå nails inc. Det er ein magnetisk lakk, og eg er ikkje spesielt dreven på dei, så det vart jo så som så. Så det var kanskje like greit at eg hadde ein dårleg fotodag, og at bileta nesten vart uskarpe overalt. Jaja. Can’t win them all 😉

Metoden er veldig enkel. Ha på baselakk + eit lag magnetisk lakk og la det tørke. Legg deretter eit litt generøst lag over ein og ein negl og bruk så den medfølgande magneten (den er oppå korken som er ein lurekork og som du kan ta av. smart), vent 10-15 sek og la deg deretter fascinere over resultatet.

Eit tips kan vera å ikkje gjera dette i tussmørket, litt sånn henslengt i sofaen. Det kan bli vanskeleg å halde fingeren rett på magneten. No har eg testa det, slik at eg kan av-anbefale dykk å prøve det same (eg trur ikkje av-anbefale er eit verkeleg ord, men det er snart jul, så eg tillet meg å bruke liksom-ord).

Apropos jul så har eg herved juleferie i mange dagar og i morgon reiser eg til heimbygda for å feire jul med familien. Gler meg! Om eg ikkje får tid til å oppdatere bloggen med det første så vil eg nytta høvet til å ynskje dykk alle ei riktig god jul!

Reklame
Dette innlegget vart posta under nails inc. og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s