NOTD – Playing dress up

Åååkei folkens. Det hadde seg slik at eg vann ein giveaway. Siv Lene hadde rydda i Helmeren sin og funne fram massevis av lakkar ho ikkje ville ha lengre. Så i dag henta eg ut ei smartposteske på posten og inni den låg det 16(!!!) lakkar.

Eg plukka raskt ut to som eg tenkte ville passe perfekt saman og som eg tykkjer passar supert no i desse adventstider.

Dei to var IsaDora sin Metal Mauve og OPI sin Sparkle-Icious. Kombinert med litt små metallduppedingsar (leitar framleis etter eit godt norsk ord for desse) vart det slik:

Sparkle-Icious  er fantastisk og glitrar i så mange fargar at eg nesten blir ør av å sjå på den.

Eg kan ikkje fatte og begripe at Siv Lene ikkje ville ha denne meir, men eg er veldig glad for at den fann vegen til meg. Tusen hjerteleg takk, Siv Lene! Fantastisk premie🙂

Og til slutt eit bilete til (tru meg, eg har tatt mange) som viser kor glitrete dette eigentleg er:

No fekk eg lyst til å gå på ball. Eg har aldri vore på ball, men føler at dette er neglar verdige for ball. Kva tykkjer du?

Dette innlegget vart posta under IsaDora, OPI og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

14 svar til NOTD – Playing dress up

  1. 16 lakker? Tror Siv Lene er blitt gal😉 Hihi! Du er jammen heldig😀 Og fy så lekker kombo på neglene dine❤

    • vakkerlakk seier:

      Haha jaaa, det trur eg og! Basecoats, topcoats, fine OPI-lakkar og altmuleg. Nesten julafta dette. Hehe!

      Og taaakk! Du har alltid så fine kommentarar🙂

  2. Ahhhh herlig🙂 Likte kombinasjonen av glitter og metallduppedingser

  3. Kjersti seier:

    Du er jammen heldig! Kjempefin farge, og såå “sparkling” ! Nydelig til fest :)…….og ellers også!

  4. Mypolish seier:

    For en nydelig farge! Hvordan kan noen ikke ville ha denne?!

  5. SivLene seier:

    Så bra at du likte dem:) Dette var helt nydelig. Jeg har brukt Sparkle-licious en gang siden jeg kjøpte den, og likte den bare ikke helt på meg. Har så mange andre glitterlakker jeg velger foran denne, så da trenger den jo ikke stå å støve ned hos meg:)

  6. Maria ♥ seier:

    Kjempefin farge! Kjempefine farger sammen!🙂

  7. Åååh, missunner deg skikkelig! Var også med på denne giveawayen, for det var jo skikkelig mange fine lakker! Du har vel ikke lyst til å legge ut et bilde av alle du fikk?🙂

    Jeg har begynt å kalle disse metall duppedingsene for metall studs. Finner ikke på noe som beskriver dem bedre :’)

    • vakkerlakk seier:

      JO! Eg skal legge ut bilete, berre ikkje nett i dag. Hihi.

      Ah! Metal studs! Godt tips sjølv om det blir engelsk😉 Må nok kanskje adoptere det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s