NOTD – Euphorbia pulcherrima

Me nærmar oss jul, og det merkast. På jobb har me pynta juletre og plassert nissar og anna nips i alle kriker og krokar. Dristar ein seg til sentrum så er det kø overalt, folk skal ha julepresangar til kreti og pleti. Og som vanleg er det på denne tida at eg har vore ein tur i sentrum og stått i kø blant stressa julehandlarar, før eg så finn ut at eg heller drar heim att og finn fram garn og strikkepinnar. Og då blir det gjerne litt dårleg tid til lakking og blogging.

Men i dag har eg altså lakka og fotografert og laga rakfisk og ribbe om kvarandre. Neida, slapp av, eg lakka etter matlaginga.

Her har eg brukt Models Own – Emerald Black, og stempla med China Glaze – Passion og mønsteret er frå Bundle Monster plate BM205.

Mønsteret minnar meg om julestjerner. Altså, blomsten me kallar julestjerne. Dette er så julete eg dristar meg til å vera så tidleg i desember 😉

 

Har du funne fram juleneglane allereie?

Reklame
Dette innlegget vart posta under Bundle Monster, China Glaze, Models Own og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

8 Responses to NOTD – Euphorbia pulcherrima

  1. Det var virkelig en vakker kombinasjon!

  2. SivLene seier:

    Åh, så utrolig fint, MÅ lære meg å stemple:)

  3. Dette var veldig fint! Perfekt kombinasjon 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s