Models Own – Beetlejuice (swatches)

Den nyaste kolleksjonen frå Models Own har blitt hausa opp i neglelakkmiljøet ei stund no. Dei vart lansert kl 11 (norsk tid) 1.11.11 og ordrebekreftelsen tikka inn i innboksen min kl 11:06.

Endeleg har eg fått swatcha alle fem og kan vise dei her på bloggen. Den aller første eg viser er Aqua Violet

Eg legg inn ein cut her sidan innlegget inneheld mange bileter 🙂

Det har vore skikkeleg vanskeleg å ta bilder av desse lakkane. Dei er ikkje så duochrome/multichrome som eg hadde håpa på etter å ha sett pressebilda. Men eg har merka at dei i enkelte lys andre stader, er mykje meir tydeleg duochrome.

I denne vinkelen og i dette lyset vart den plutseleg veldig tydeleg lilla.

Neste på lista er Golden Green. Kanskje den lakken i kolleksjonen eg var mest skuffa over. Syns den var altfor lite unik, og veldig lite duochrome, men under leselampa i sofaen kjem ein veldig tydeleg gullfarge til syne. Dessverre fekk eg ikkje tatt bilete av det. Men det kjem litt fram her:

Men for det meste har denne lakken kun sett grøn ut:

Lakk nr 3 er Emerald Black, som var den lakken eg hadde minst forventningar til. Men no når eg har prøvd den må eg innrømme at eg likar den skikkeleg godt. Men ikkje fordi at den er duochrome (for det er den kanskje veldig lite), men fordi eg har ein ting for nestensvarte lakkar.

Elskar grønfargen som er i denne lakken. Ser for meg mange fine stempelmotiv over denne.

Og så har me lakk nr 4, som eg verkeleg hadde gleda meg til; Pinky Brown.

Dette er nok den lakken som kanskje er mest tydeleg duochrome/multichrome av desse fem lakkane. I dette biletet ser eg tydeleg dette.

Og her mest brun.

Den femte lakken er Purple Blue, og det var den eg endte opp med å ha som full manikyr i går.

Denne syns eg også har ein grei duochrome effekt. Ofte ser eg på neglane og halve ser lilla ut og halve blå. Andre gongar ser dei kun blå ut … og omvendt.

Kort oppsummert: Litt skuffa i forhold til korleis pressebileta såg ut. Men lakkane er jamnt over fine, om enn kanskje ikkje veldig unike og ikkje veldig tydeleg duochrome. Eg kjøpte mine i eit sett på http://www.modelsownit.com/ for £20 og det inkluderte ein topplakk. Frakta ligg på £9,95 for å sende til Noreg, og minste sum ein må bestille for er £20. Med dagens kurs er det under 200 kr og ein slepper då unna at pakka må gjennom fortolling og at ein må betale ekstra moms.

Eg gjer også oppmerksom på at eg har nytta 3 lag lakk på alle bileta over. Eg er ikkje alltid så flink til å lakke frampå tuppen av neglen, så allereie i dag var det litt tipwear . Eg forsøkte topplakken som fulgte med i settet, men den tørka så sakte at eg endte opp med å bruke seche vite over.

Håpar de syns swatchbileta vart OK. Kjem nok fleire bileter etterkvart med diverse dekor på.

Kva med deg. Har du kjøpt desse? Eller kanskje du fekk lyst på dei no?

Reklame
Dette innlegget vart posta under Models Own og merkt , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

6 Responses to Models Own – Beetlejuice (swatches)

  1. Fine! Gleder meg til å se med dekor. 🙂

  2. Kjipt at du ble litt skuffa. Men jeg synes fortsatt at det er verdt å ha de! Fine er de i hvertfall

    • vakkerlakk seier:

      Jaja, dei er veldig fine, men ikkje så tydeleg duochrome som eg hadde håpa. Men angra ikkje på at eg kjøpte dei. Er jo rimelege også 🙂

  3. Pinky Brown og Purple Blue er mine favoritter av disse fem, så de må eg nok få tak i på en eller annen måte 🙂

    • vakkerlakk seier:

      Jepp, enig med deg, dei skiller seg mest ut. Du kan jo kjøpe dei via models own. Dei har jo mange andre lakkar også (så du kjem opp i 20 pund-grensa for å bestille internasjonalt) 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s