No må de holde dykk fast, for eg har nemleg raud neglelakk på. Og det er ikkje det at eg eigentleg har noko imot raud neglelakk, det er berre det at det er så sjukt vanleg. Og overalt kor eg går ser eg avflassa raud neglelakk og nei … sant, eg kan jo ikkje bli forveksla med ein av dei 😉
Men så var det no denne nye raude H&M-lakken som eg kjøpte her om dagen. Den verka jo fin, og den er det altså. Men då eg fekk den på så klarte eg nesten ikkje å sjå på den, fordi den er raaaaud. Så eg såg ikkje annan utveg enn å hente fram Konaden og stemple i veg. Det mest naturlege ville kanskje vere å bruke ein gullfarga lakk … Så då kunne eg jo ikkje det. Og sidan Cherry er ein raud lakk med mykje blått i, vart det ein blå lakk som fekk vera med på stempelmoroa.
H&M -Cherry med konadplate m65 og Color Club – Cold Metal (Foiled collection)
Blå roser. Kva gir de meg? Eg er så spennande 😛
Er ikkje så stor fan av rød eg heller..men eg har en kjempefin en fra merket Flormar 😀 Hørt om det eller? 😉
Aldri hørt om Flormar. Tell me more 🙂
Hehe, du er spennende du 😉
Stilig kombo!
Tilbakeping: 18 fine fargar for hausten | Vakker lakk – gjer meg blakk