H&M – Rust

I fjor sommar (meiner eg det var) hadde H&M nokre små søte neglelakkflasker som eg plukka med meg. Dei vart seld enkeltvis (ikkje dei pakkene med 4 stk i), og var fine og lette å leggje og hadde fin tørketid. Men så vart det liksom ikkje meir med det. Ingen fleire småflasker med lakk. Snufs.

Før no. NO har nemleg H&M komme med desse skjønne flaskene som også kun kostar 9.50,- Det er jo gi bort pris. Tenk, dei inneheld 7ml (til samanlikning så inneheld Depend-flaskene 5ml og kostar 25,- og IsaDora har 8ml i sine som dei sel til 79/89,-). La meg også tilføye at eg herved har kjøpt min første raude lakk på sikkert 2 år. Når dei kostar 9,50,- kan eg liksom få meg til å gjere det. I tillegg var jo denne kirsebærraud, så då er det liksom greit.

Lakken eg hadde aller mest lyst på var den oransje. Eg har sett bilder på nett, og der har den nesten sett litt sennepsgul ut, så eg var eigentleg innstilt på at den var sennepsgul.

Den er ikkje sennepsgul. Den er rustfarga/rustraud (men utan å vera raud, ta det med ro), og den er herleg sær og fin.

Sjå vekk frå sølet rundt neglane er det snille. Eg skal nemleg pynte litt meir, og orka ikkje to oppryddingar i dag (sjølv om eg skulle ønske eg hadde gjort det så bileta hadde blitt fine istadenfor berre heilt OK).

Eit bilde i motlys med, noko så fjollete og unødvendig som, ein neglering på.

Dette innlegget vart posta under H&M og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

4 svar til H&M – Rust

  1. Likte denne fargen! Må ha den😀 Nydelig den fugleringen din❤ Hvor har du kjøpt den? Negleringen har eg sett på ebay før😉

  2. vakkerlakk seier:

    Fugleringen er også frå eBay. Hehe. Kjøper nesten alt via eBay😉

  3. Absolutt ikke en farge for meg, men kult at du liker litt sære farger som ikke så mange andre ville gått med. Jeg har en del sære hjertefarger selv…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s