NOTD – I mørket er alle kattar …

Grå?

Kor vart dagen i går av? Vips! Så var den over, og det samme med denne. Tida berre flyg.

Designet eg har å vise fram i dag er eit haustdesign. Sjølv om hausten kan vera kjølig, er den fylt med fine fargar. Kvar einaste årstid er jo fin på sin måte, finst fordeler og ulemper med alt.

Men tilbake til designet:

Syns du kanskje det er rart å kombinere løv med svarte kattar? Ikkje for meg. Når eg ser dette designet tenkjer eg på alle mørke haustkveldar på heimstaden min, kor eg er på veg heim frå venninna mi, og vassar i haustløv på bakken som speglar seg i skinet frå gatelysene, og einaste teikn til liv denne seine haustkvelden er ein katt som spring over vegen.

Basefarge er Color Club – Perfect Mol-Ten frå Foiled collection. Nydeleg grøn folielakk. Motiva er frå ei Bundle Monster-plate og eg har brukt svart og oransje spesiallakk frå konad til stemplinga.

Noko spesielt du forbinder med hausten?

Reklame
Dette innlegget vart posta under Bundle Monster, Color Club, Konad og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

6 Responses to NOTD – I mørket er alle kattar …

  1. Hvilken plate har du brukt da? Nr? 🙂 Synes designet var veldig fint eg 🙂 Absolutt høst med blader og katter!!!

  2. Hhaha, høres ut som meg det der 😉 Takk for svar!

  3. Jeg liker fargekombinasjonen og teksturen. 🙂

  4. Så søtt design, elsker kattene!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s