I dag hadde eg tenkt å poste innlegg om folieneglar. Sat ved kjøkenbordet og dekorerte med den lekraste folie ebay hadde å by på (sånn omlag), men gjorde så ein fatal feil i avslutninga. Ja, dei som følger meg på facebook har vel sett resultatet 😉
Fann ut at eg ikkje kunne gå med dette på jobb, har trass alt eit rykte å ta vare på. Så måtte finne på noko nytt. Valet falt til slutt på ein kombinasjon med IsaDora – Petrol Posh, Make Up Store – Madeleine og svarte prikkar. Veldig enkelt og går superraskt (jaja, litt lengre tid enn å kun bruke ein lakk må du rekne med ;))
Veldig fan av å kombinere cremelakk med holografisk lakk. Nokon av prikkane på denne handa vart ikkje så fine, men folk flest ser vel ikkje det sånn ute IRL. Så får det vel berre våge seg at eg har posta dette på internettet så alle kan få sjå. Prikkane på høgrehanda vart på si side veldig fine, men på den handa er ikkje alle neglane like lange. Sant, alltid skal det vera noko. I pose og sekk, og alt det der.
Ikkje feilfritt altså, men cirka ein million gangar finare enn foliemanilyren som slo feil (det var altså ikkje sjølve folien sin feil). No kan eg trygt gå på jobb i morgon med æra i behold!
Ja, det var synd med folien altså
Men denne komboen her ble jo ganske lekker også 😀
Ja, den vart ikkje så verst. Denne v-forma fransk-manikyr-looken har eg gjort ganske mange gongar, så den går raskt og er veldig dekorativ 🙂
Tilbakeping: 18 fine fargar for hausten | Vakker lakk – gjer meg blakk