NOTD – Diamonds are forever

I dag har eg satsa på bling-neglar. Det er eit veldig enkelt design (om eg i det heile tatt kan kalle det eit design), og noko alle kan klare. Du treng (utanom base- og overlakk), ein basefarge, glitterneglelakk (alternativt lausglitter og blank neglelakk), og rhinestones (som fungerer som “diamantar”, men er vesentleg billegare!)!

Eg starta med eit lag baselakk, og den eg brukar for tida er OPI – Nail Envy sensitive & peeling. Dette er ein negleforsterkar, eller behandlingslakk som skal styrke neglen slik at den ikkje deler seg i lag. Etter at eg starta å bruke denne så har neglane mine blitt betre på akkurat det. Tommel opp!

Jaja, men til poenget. Basefargen eg valde var den alldeles nydelege Essie – Smooth sailing frå sommarkolleksjonen til Essie. Det er ein lavendelfarga lakk, med finfin “pearly finish”. Glitterlakken vart LUCIDarling – Twinkling silver. Og blanke og lilla rhinestones.

Glitterlakken er lagt i ei diagonal, ujamn stripe og rhinestones er festa “tilfeldig” oppå der igjen. For å plukke opp rhinestones og plassere dei på neglen, anbefaler eg å bruke eit dotting tool, eller f.eks den spisse delen på ein oransjepinne, eller ein tannpirkar etc. Noko med spiss tupp altså😉

Får alltid lyst til å gå i selskap eller på ball når eg har sånne neglar. Eit bryllaup hadde vore perfekt. Det fine med eit slikt design er jo at ein kan variere i det uendelege med glitterlakkar og rhinestones og fargar.

Og berre for å vise at dette er blingbling så byr eg på eit ute-av-fokus-bilete (som jo er den beste måten å få vist det på):

Dette innlegget vart posta under Essie, LUCIDarling, NOTD og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

8 svar til NOTD – Diamonds are forever

  1. Fikk en galaktisk (?) følelse av dette designet her! Vakkert😀

  2. Anne seier:

    Dette var sikkelig stilig negledesign! Skulle ønske jeg hadde tid til å prøve meg på noe sånt!🙂

    • vakkerlakk seier:

      Det tek ikkje så lang tid altså, går ganske kjapt. Det mest tidkrevjande er å feste på steinane. Men, når det er sagt så treng ein jo ikkje dekorere alle neglane. Kanskje berre ein eller to? Det går raskt! tihi

  3. Frk. Fargerik seier:

    Veldig stilig!🙂

  4. Shiny! Veldig lett og fancy. Liker den nye headeren din kjempe godt forresten!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s